Tenkjer seg tjukke

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slike bilete gjer folk tjukke

Ny norsk forsking syner at tanken på at ein er tjukk faktisk kan gjere at ein blir det. 

Det er forskarar ved Insititutt for samfunnsmedisin ved NTNU som har forska på ungdom og fedme. Dei har nytta tal frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT), og dei er dei første som har forska på samanhengen mellom opplevd og faktisk vekt i eit lengre perspektiv. Det var altså her dei kom fram til at tanken om å vere tjukk var ein viktig faktor til at folk faktisk blei tjukke.

Resultata deira synar nemlig at blant normalvektig ungdom var hovudvekta av dei som la på seg, folk som allereie i ungdomen tenkte dei var tjukke.

LES OGSÅ: Køyr bil med rein tankekraft

Trening mindre viktig enn tanke
Ikkje berre er tankane viktige: Ifølgje forskar Koenraad Cuypers spelte tanken om overvekt større rolle enn trening i utviklinga av overvekt.

Forskarane fann at trening ikkje klarte å kompensere for den negative effekten det hadde å kjenne seg overvektig i ung alder.

Han trur at det i hovudsak er to grunnar til at tanken på å vere tjukk kan ha så mykje å seie. For det første kan det å føle seg tjukk føre til mykje stress, og stress fører igjen til at vi lagrar feitt hovudsakleg rundt midja.

– Ei anna forklaring kan vere at ungdom som ser på seg sjølv som tjukke, gjerne endrar etevaner, til dømes ved å hoppe over måltid. Forskning har synt at det å hoppe over frukost kan føre til overvekt, seier han til Forskning.no

LES OGSÅ: Litt mindre slankekrig, takk!

Ungdom øydelagt av kroppshysteri
At det å føle seg tjukk får så stor konsekvens for enkeltperson meiner forskaren er eit samfunnsproblem. Han peiker på venleikshysteriet som regjerer, og som særleg er tøft mot jentene.

I undersøkinga kjem det fram at 22 prosent av jentene følte seg overvektige i det studia starta, trass i at dei var slanke, mot berre 8 prosent av gutane.

Cuypers trur det sterke mediefokuset på kvinnekroppen kan vera ei årsak. Han meiner ein må arbeide med heile samfunnet for å få bukt med fedmen. Samfunnet må gå bort frå å fokusere på vekt, og i staden framheve sunne livsvaner som å ete regelmessig og variert, og å ete frukost, meiner Cuypers.

LES OGSÅ: Vil kjempa mot retusjert reklame

Åtvarar mot retusjer reklame
At media og reklame påverkar helsa til ungdom overraskar ikkje Lina Alvarez Reyes, talsperson for nettverket Ungdom mot retusjert reklame.

– Nei, for oss er det ikkje veldig sjokkerande å sjå nye fakta på kor gale det har blitt. Denne siste undersøkinga er nok eit sikkert teikn på at noko må gjerast. Vi kan ikkje tillate at ei av fem jenter føler seg overvektige, uten å vere det!

Ho meiner dei nye resultata er kjempeviktige:

– Det er godt å vite at det finst forsking på dette feltet, og at resultata er så konkrete og sikre. Men det er òg skumle tal vi ser, og det er på tide at vi alle rettar fokus på emnet. At heile 78% av jentene som var med på denne undersøkinga har gått opp i vekt, etter ein barndom med å føle seg tjukk, er rett og slett nye og skremmende fakta, seier ho.

LES OGSÅ: Her er venleiks-verstingen

Ho trur absolutt at Koenraad Cuypers har rett når han peiker på samfunnet og venleikspresset som ein av grunnane til at jenter og gutar legg på seg.

– Det er heilt klart at dårleg sjølvtillitt kan føre til helseskadar, inkludert fedme. Om du ikkje trivst i din eigen kropp, går du inn i ein ond sirkel kor du kvar dag fortel seg sjølv at du ikkje duger. Kvar dag samanliknar du deg selv med nokon som er tynnare, gjerne ein modell fra reklame. Å innsjå at du kanskje aldri kan oppnå den falske skjønnheiten, kan over lengre tid gi alvorlege konsekvensar, meiner ho.

Reyes understreker at dette er eit samfunnsproblem vi alle må ta ansvar for.

– Media, klesgigantsne, reklamebransjen, regjerings, skolesystemet, familiane og alle oss andre har ansvar for dei som ikkje kjenner seg verdsett i samfunnet grunna sin utsjånad. Mobbing og kritisering av andres veremåte er òg ein av grunnane til at fleire og fleire lir av spiseforstyrring, avsluttar ho.

Faktaboks

Ungdom mot retusjert reklame er eit aksjonsnettverk som arbeidar for nettopp mindre retusjert reklame. Nettverket vart starta av Raud Ungdom, men er tverpolitisk og både SU, AUF, KrfU og Ungdom&Medier er tilknytta nettverka.

Dei syner til følgjande statistikk som syner samanhengane mellom media, reklame og ungdom sine tankar om eigen kropp:

Ei av tre jenter seier dei får dårligare sjølvbilete av å sjå på reklame for mote. Dårlig sjølvtillit gir eit stort psykisk press, og kan være skadeleg for helsa til unge jenter. I tillegg fører dette til eit slanke- og venleikspress.

• 1 av 3 tenåringsjenter slanker seg, eller har slanka seg.
• Ein tredjedel av norske trettenåringar ønskjer å gå ned i vekt.
• Halvparten av jentene på videregåande tykkjer dei er for tykke. Omtrent 20% av norske femtenåringar er overvektige, og omtrent 13% er sjukeleg overvektig.
• 10% av alle som slankar seg, utviklar ei eller anna form for spiseforstyrring. 50.000 norske kvinner lir av spiseforstyrringar, og dette er den tredje største dødsårsaken i Europa, etter ulykker og kreft.

Kjelde: Ungdom mot retusjert reklame.