Får ikkje lærebøker på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får ikkje lære- bøker på nynorsk

Sidan syttitalet har det vore lovfesta at lærebøker skal liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid og lik pris.

Privatskuleelevar får derimot ikkje nyte godt av denne retten, og det finst også unntak for læremiddel i fag som har årskull på mindre enn 300 elevar. Målungdomsleiaren meiner desse unntaka bør fjernast.

Retten er ikkje realisert
– For dei fleste er det praktisk umogleg å halde på eit hovudmål som dei ikkje eingong får møte i lærebøkene. Å få læremiddel på nynorsk er difor ein føresetnad for retten til å velje nynorsk som hovudmål. I eit språkleg likestilt land som Noreg bør den retten realiserast for alle, uavhengig av kven som eig skulen eller kva studieprogram eleven har valt, forklarer Sture, som meiner endringane bør skje raskt.

– Det er ikkje mange dagar igjen til endå eit årskull med nynorskelevar får møte språkkuing i praksis. Nokre kjem til å byrje på privatskular, andre kjem til å byrje på små yrkesfag, og mange av desse kjem til å få læremiddel på feil mål. No må regelverket strammast opp og pengane kome på plass, slik at vi kan gjere dette til den aller siste hausten der nynorskelevar blir tvungne over til bokmål ved skulestart, forlangar den yrkesfagsutdanna målungdomsleiaren i ei pressemelding.

Språkpolitisk sveitsarost
Sture er nøgd med at læreboksituasjonen for «vanlege» elevar har blitt langt betre dei siste åra, etter at svært mange nynorskbøker mangla då Kunnskapsløftet nettopp var innført. No meiner han det er på høg tid å gje like gode vilkår til alle.

– Retten til å velje hovudmål er i dag ein språkpolitisk sveitsarost – han er full av hòl. Kva er logikken i at dei individuelle elevrettane dine berre gjeld dersom du tek vanlege fag på ein offentleg skule, undrar Sture.