Studentane fattigare enn før

Striesekk og havrelefse for norske studentar.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje “Dine Penger” har studentane ikkje vore fattigare sidan Lånekassen starta å føre statistikk i 1975. Dei har samanlikna studiestøtta med både reallønnsutviklinga og minstepensjonen. Dei finn at studiestøtte har falt samanhengande dei siste 18 åra.

Umogleg å vere heiltidsstudent
– Det er ikkje mogleg å studere på heiltid i dag, seier leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), Øyvind Berdal.

Medan gjennomsnittslønna i Noreg i dag ligg på 440 500, ligg studiestøtta i år på skarve 92 500.

Trass i at studiestøtta har auka takt med prisutviklinga dei siste åra, har studentane blitt relativt fattigare, både målt opp mot inntekta til dei som arbeidar, og minstepensjonen.

Studiestøtta har sidan 1975 falt omlag 30 prosent samanlikna med lønnsutviklinga, og er i same tidsrom halvert i forhold til minstepensjon. I 1975 fekk studentane meir i støtte enn minstepensjonistane. I dag er studiestøtta berre 60 prosent av minstepensjonen. Dette er ifølgje "Dine Penger" lågare enn nokon gong.

Krev studiestøtte på 1,5 G
Berdal meiner at studiestøtta ikkje lengre kan regulerast etter prisnivået (konsumprisindeksen), men heller må justerast etter trygdeorndinga.

– Studiestøtta må hevast til 1,5 G, som tilsvarar 123 183 kroner i året, og verte justert årleg.

Berre sånn kan studiestøtta halde tritt med dei vaksande utgiftene studentane har.

1,5 G syner til grunnebeløpet til folketrygda, som nett no er 82 122 kroner (1 G). Å justere studiestøtta etter grunnbeløpet er den einaste måten å sikre ei studiestøtte som held tritt med aukinga i utgiftene til studentane, meiner Norsk Studentunion.

LES ÒG: Dette er studentkvardagen

Regjeringspartia og regjeringa i utakt?
Ønsket om heiltidsstudenten er ikkje NSO åleine om: I "Politisk plattform for flertalsregjeringen", tufta til den sittande regjeringa Stoltenberg II ( med Ap, Sv, Sp), vedtok regjeringa å arbeide for at det skulle “vere mogleg å vere heiltidsstudent”.

I tillegg har alle dei tre partia har vedtatt å arbeide for studiestøtte i 11 månader. Dette kom likevel ikkje med i Soria Moria-erklæringa og tre år inn i perioden er studiestøtte i 11 månader framleis ikkje realitet.

Dette trass i at alle dei tre regjeringspartia hadde vedteke å arbeide for dette i perioden 2009-2013.

Krav til valkampen
Norsk studentorganisasjon representerer over 200 000 tusen studentar. Dei har allereie starta arbeidet fram mot Stortingsvalet i 2013, og har krava klare: I tillegg til studiestøtta på 1,5 G vil dei ha støtte i 11 månader, og lånedelen av støtta ned i 40 prosent.

Svein Harberg er utdanningspolitisk talsmann for Høgre. Dei er for tida det største partiet på borgarleg side, og kanskje blir det nett dei som skal styre landet etter neste stortingsval. Som sitjande regjering har dei òg ein visjon om heiltidsstudenten: I sitt program skriv dei at dei vil “gje studentane ein reell moglegheit til å konsentrere seg om å vere heiltidsstudent”.

Harberg vil ikkje kommentere krava til NSO, og på spørsmål om nett korleis Høgre vil gjere det reelt mogleg å vere heiltidsstudent, trekk han fram justeringa av studiestøtta som eit viktig verktøy.

– Høgre har gjentatte gongar teke til orde for at studiestøtta må justerast etter ein relevant indeks som gjer at kjøpekrafta til studentane vert oppretthaldt, seier han.

På spørsmål om kva han meiner er relevant indeks, har han derimot ikkje noko svar.

– Høgre har ikkje teke stilling til kva indeks det kan vere relevant å justere mot.

Framlegget frå NSO om å justere etter grunnbeløpet har dei heller ikkje teke stilling til, i følgje Harberg. På spørsmål om kva konkret Høgre vil gjere for å gjere det mogleg for studentar å studere på heiltid trekk Harberg fram Høgre sine framlegg om å auke utbygginga av studentbustader og å fjerne grensene for kor mykje studentar kan tene ved sida av lån og stipend.

LES ÒG: Vanskeleg bustadsituasjon for studentar
 

Tøff bustadmarknad
At det er trong for fleire studentbustader er Norsk studentorganisasjon samd i. Dei opplyser på sine heimesider at det i 2011 berre var bustader til 13 prosent av studentane. Resten må skaffe seg bustad på den private leigemarknaden.

Nett dette meiner NSO er eit anna argument for å slutte å justere studiestøtta mot konsumprisindeksen. For medan den konsumprisjusterte studiestøtta auka med skarve 1,9 prosent frå 2010 til 2011, steig utgiftene deira til bustad med 7 prosent i same periode. Dei meiner at arbeidet for fleire og billegare studentbustader er sentralt for å realisere draumen om heilstidsstudenten.

– Bustad er den desidert største enkeltutgifta for studentar, seier Berdal, leiar i NSO.

 

LES ÒG: Kunnskapsministeren vil ha fleire studentbustader