Lagar politikk i sommarferien

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette må du IKKJE gjera på Stortinget

Ikkje alle er så heldige å få jobba med politikk på Stortinget i sommarferien.

Kjetil Vevle (Ap), Sivert Bjørnstad (Frp), Tor Valdvik (H), Mari Wøien (Sp) og Lisa Haukaas (Sp) er nokre av dei få heldige som får vera trainee på Stortinget i sommar.

Kva gjer de på ein vanleg arbeidsdag?

– Eg har jobba mykje med valet i 2013. Eg lagar talepunkt, innhentar informasjon og driv research. Det går mykje tid med til å henta inn tal. Elles er det mediearbeid dag til dag, seier Kjetil Vevle.

Sivert Bjørnstad og Tor Valdvik bruker mesteparten av tida på mediearbeid.

– Det byrjar med å lesa aviser om morgonen, og å selja inn saker til media seinare på dagen, seier Bjørnstad.

– Det går mykje med å hjelpa representantane å halda seg orientert, seier Tor Valdvik.

Mari Wøien og Lisa Haukaas fortel at det både er langsiktige oppgåver som utgreiingsarbeid og meir løpande oppgåver som kontakt med media.

LES OGSÅ: – Grå menn i dress gjev ikkje best politikk

Får påverka
Alle er samde i at dei får vera med på å påverka.

– Ja, absolutt, seier Kjetil Vevle, og held fram:

– Eg får vera med på strategiarbeid og får også vera med på å setja dagsorden.

Sist gong var saka om studentbustadbygging. Men det har òg vore mange andre saker.

– Eg føler at meiningane våre blir tatt på alvor, og kjenner at eg er ein del av laget, seier Mari Wøien.

Tor Valdvik meiner påverknadskrafta ligg i å koma med kreative innfallsvinklar og å få saker på dagsorden.

– Ein må ha ein viss politisk teft for å kunne finna igjen aktuelle saker, sjølv dei sakene som ikkje får stort oppslag i media, seier Lisa Haukaas.

LES OGSÅ: Meir makt til veljarane

Korleis er det å sitja i mindretalet på Stortinget?

– Det er jo ekstra artig, seier Sivert Bjørnstad (Frp).

Er det lettare å sleppa til i media når ein sit i opposisjonen?

– Ja, det trur eg. Då har ein jo ingen tøyler for kva ein kan seia. Då treng ein ikkje ta omsyn til koalisjonspartnarar som ein ikkje vil trakka på tærne, seier Bjørnstad.

Kjetil Vevle er snar med å seia at Arbeidarpartiet, som han representerer, ikkje er så usamd med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Og der ein har forskjellige synspunkt, kjem dette òg fram – slik enkelte Ap-representantar no har teke til orde for større press for å få til fleire kommunesamanslåingar.

LES OGSÅ: – Nominér unge til Stortinget

Hardt arbeid
Kan de tenkja dykk å koma tilbake til Stortinget?

– Eg kjem til å driva med politikk så lenge eg synest det er kjekt, og så lenge eg føler eg er med på å få til endringar. Det krev hardt arbeid for å få til dei endringane, seier Kjetil Vevle.

– Det fristar å koma tilbake, og endå meir no. Når du sit her, er det veldig mykje kva du gjer det til sjølv, seier Sivert Bjørnstad.

– Draumen er sjølvsagt å driva med noko ein brenn for. Ein blir jo ein samansveisa gjeng når ein driv med politikk utover kveldane, seier Tor Valdvik.

Arbeidsdagane deira i sommar har stort sett følgt vanleg arbeidstid, men nokre kveldar og seine ettermiddagar har det blitt. Spesielt om stortingspolitikarane dei skal hjelpa har delteke i debattar i eteren.

LES OGSÅ: – Politikk handlar om å få førstesider

Tabbe i stortingskantina
Kva har overraska de mest i jobben på Stortinget?

– Statsrådsskifte første dag på jobben. Me fekk utdelt kamera og beskjed om  kjempa om plassen med dei andre mediene. Det var litt av ein pangstart, seier Mari Wøien.

– Ein av dei første dagane sette eg meg på pressebordet i stortingskantina. Då fekk eg høyra det! ler Sivert Bjørnstad. Han har no funne seg andre bord å eta på i kantina.

– Det eg er mest overraska over er eigentleg kor fort ein kjem inn i det daglege. Ein blir litt eit maskin-menneske av å jobba her. Det som kjem som ei overrasking kvar dag er mediebildet, seier Kjetil Vevle.

– Eg er mest overraska over kor likt det er lokalpolitikken. Her også går det på å masa på journalistar, seier Tor Valdvik som til vanleg representerer Bygdelista i Vågå kommunestyre.

– Eg trur det blir enklare å gjera ein betre jobb i lokalpolitikken etter dette, seier Sivert Bjørnstad. Sjølv representerer han Framstegspartiet i Trondheim bystyre og fylkestinget i Sør-Trøndelag.

QUIZ: Kva veit du om norsk politikk?

Kven er de mest redde for å møta i stortingskorridorane?

Dei andre nøler litt, men Sivert Bjørnstad er kjapp til å svara:

– Arne Strand. Han er langt meir skremmande enn ein kvar stortingsrepresentant.

Faktaboks

Sommartraineear på Stortinget

Kjetil Vevle (24), Arbeidarpartiet
– Frå Odda, bystyremedlem i Bergen og leiar i Hordaland AUF. Studerer PR på BI i Oslo.
– Favorittkomite på Stortinget: Arbeids- og sosialkomiteen

Sivert Bjørnstad (21), Framstegspartiet
– Frå Trondheim, bystyremedlem i Trondheim, fylkestingsmedlem i Sør-Trøndelag og 2. nestformann i FpU. Studerer Økonomi og administrasjon ved BI i Trondheim.
– Favorittkomite på Stortinget: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og Næringskomiteen

Tor Valdvik (24), Høgre
– Frå Vågå, kommunestyremedlem for Bygdelista i Vågå, og har nettopp starta Vågå Høgre. Jobbar som lærar i Oslo.
– Favorittkomite på Stortinget: Transportkomiteen

Mari Wøien (21), Senterpartiet
– Frå Gran, tidlegare leiar i Hadeland senterungdom.
– Studerer internasjonale relasjonar ved universitetet i Edinburgh.
– Favorittkomite på Stortinget: Utanriks- og forsvarkomiteen eller energi- og miljøkomiteen.

Lisa Haukaas (24), Senterpartiet
– Frå Oslo, studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.
– Favorittkomite på Stortinget: Justis-, helse- og omsorg eller energi- og miljøkomiteen.