«Politikk handlar om å få førstesider»

Byråkratane i departementa meiner at medieorienteringa til statsrådane har gått i lengste laget.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Politikk handlar om å få media»

«Foregår det noe vi kunne lage media på?», heitte det i ei av dei mykje om­­talte tekstmeldingane Audun Lysbakken sende medan han enno var statsråd.

Denne artikkelen handlar ikkje om Lysbakken. Men SMS-sitatet illustrerer at noko av det beste ein statsråd veit, er positive medieoppslag om politikken sin. Og no blir fagavdelingane i departementa brukte mykje meir enn før i strevet for å få gladsaker – og unngå stygge framsider – om politikken til statsråden.

– Om tendensen vi ser no, held fram, er det fare for at medie­logikken får styre for mykje av ressursfordelinga i departementa, meiner Dag Solumsmoen, som er seniorrådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT.

Medielogikk
I ein artikkel i siste nummer av tidsskriftet Stat & Styring skildrar Solumsmoen korleis kommunikasjonsavdelingane i departementa no kjem inn tidlegare i arbeidet med politiske saker, medan dei før vart involverte først når sakene var ferdige til å presenterast. No hender det at kommunikasjonsfolka òg kjem med taktisk motiverte forslag som blir ein del av avgjerdsgrunnlaget. «I så fall er veien kort til at politikkutforming styres av medienes logikk», skriv Solumsmoen.

Artikkelen byggjer mellom anna på ei lang rekkje intervju han har gjort med leiarar i departementa. «Politikk handler om å få førstesider», sa ein av informantane i eit departement.

– Det er ei litt rar forståing av kva politikk er?
– Det var ei spissformulering for å markere at statsrådar er blitt svært opptekne av å «kome på» i media, seier Solumsmoen.

Innpakkinga viktigast
Det er velkjent at talet på tilsette i kommunikasjonseiningane til departementa har auka veldig dei siste åra. No har desse eining­ane 140 tilsette, ei dobling på tolv år. Men vel så viktig er det at dei fagtilsette i departementa no blir trekte mykje meir inn i medie­arbeidet.

Fleire av kjeldene til Solumsmoen er urolege for at desse om­­syna skal gå ut over kapasiteten i departementet for langsiktige oppgåver med analysar og plan­arbeid. Dels må dei fagtilsette bidra med fagleg underlag for utspela til statsråden, dels må dei bistå med brannsløkking når det kjem negative oppslag. Og sidan medieutfordringane ofte kan kome brått og ha korte fristar, fryktar somme av informantane at det går ut over den faglege kvaliteten. «Vi blir mer opptatt av å pakke inn enn av hva som er i selve pakken», seier ein av dei.

– Korleis kan ein motverke ei slik utvikling?
– Det er viktig å gjere embetsverket medvite om rolleproblematikken. Og det er eit spørsmål om evne til å seie nei: Statsrådens evne til å seie «Ingen kommentar» til media, og embetsverkets evne til å seie til statsråden at «dette kan vi ikkje stå fagleg inne for, i alle fall ikkje med den tidsfristen som er gjeven», seier Solumsmoen.   

Meir enn fag
Ikkje berre statsrådar, men òg byråkratar vil gjerne bli sedde, få gjennomslag og få ros for arbeidet sitt. Det er lett å tenkje seg at det ofte er freistande for fagfolka i departementa å tilpasse råda sine så dei blir lettare å selje til media. I tillegg må embetsfolka ta ei rekkje andre omsyn enn dei strengt faglege dersom råda deira skal oppfattast som relevante, understrekar Solumsmoen. Statsråden har òg budsjett, politiske plikter og lovnader, regjeringsvedtak og tidspress å tenkje på.

– Den tradisjonelle norma om å gje faglege råd berre på grunnlag av sitt beste faglege skjønn er ikkje lenger realistisk, og det er kanskje lenge sidan ho var det.

Djupare endring
Medieorienteringa i departementa og etatane dei seinaste åra er mykje meir omfattande enn kva talet på kommunikasjonstilsette syner, meiner Kjersti Thorbjørnsrud. Ho er forskar ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo og har forska på forholdet mellom media, politikk og administrasjon.

– Endringa går langt djupare. Talet på kommunikasjonsrådgjevarar er berre toppen av isfjellet. Saker stoggar jo ikkje i kommunikasjonsavdelingane, dei går på rundtur i organisasjonen. Og ute i avdelingane tenkjer folk på bodskapar og kommunikasjon heile vegen.

Det vil ikkje seie at omsynet til media treng å føre til andre konklusjonar eller standpunkt i einskildsaker, understrekar Thorbjørnsrud.

– Men det er ikkje tvil om at det internt i departementa blir brukt svært mykje ressursar på kommunikasjon. Det arbeidet tek tid frå dei som sit og jobbar med saker, dei må leggje til side stortingsmeldingar og alt anna dei held på med. Og denne ressursbruken er ikkje noko som blir diskutert. Eg meiner vi kan trenge ein eksplisitt diskusjon av dette. No er det noko som berre skjer, og skiljet mellom fag og politikk blir meir uklart.

– Kva er drivkreftene for denne utviklinga?
– Vi har eit endra medie­bilete, med fleire medium og deadline heile tida. Men vi har òg ein konsensus i Noreg om at denne utviklinga er rett. Norske politikarar er svært medievenlege, og det smittar over til byråkratiet. Dette har òg ei klart positiv side: Vi har eit ope samfunn der det er lett å spørje og lett å få svar – ikkje berre for journalistar.

Les saka i Dag og Tid!