Frå 1. august vert den nye rettskrivingsreforma for nynorsk gjeldande - den første verkeleg store endringa sidan 1959. Kristin Fridtun syner deg dei viktigaste endringane.

Kristin Fridtun har teke ei pause frå ferien sin for å fortelje deg om korleis den nye rettskrivingsreforma endrar kva du har lov til å skrive. Ho har fast språkspalte i Dag og Tid, og har studert nordisk språk. I ein føljetong på fem delar tek ho sikte på å oppsummere kva endringane går ut på.

Del 4: Diftongar

Au! Alle desse endringane! Kva skjer med dei stakkars monoftongane i tida framover?

− Ikkje så reint få meiner at diftongar − eller på godt norsk: tviljodar − er eit av dei sterkaste og finaste særdraga til nynorsken. Dei har grunn til å gleda seg no, lovar Fridtun, før ho legg til:

− Mange ord som før har hatt ein skrivemåte med monoftong som jamstilt form eller sideform, til dømes gløyma med sideforma [glømme], får no skrivemåten med diftong som eineform: gløyma.

LES MEIR:Leiaren i Voss Mållag vil ha ei eiga norm med i-mål

Mange ord, seier du, men korleis kan eg vite akkurat kva slags monoftongar som vert råka?

− Endringa gjeld særleg mange ord som endar på –m og –st. Med andre ord går former som drøm og drømma, strøm og strømma, gjømma, flom, røst og trøst ut or rettskrivinga. Formene draum og drøyma, straum og strøyma, gøyma, flaum, røyst og trøyst står att som eineformer forklarer ho.

− Jamvel framfor r skal det som hovudregel vera diftong, til dømes går kjøra, høra, rør og øre/øra ut or rettskrivinga, medan køyra, høyra, røyr og øyre/øyra står att.

LES MEIR: Innføringsbrosjyre om rettskrivingsreforma frå Språkrådet

Fram med det erkenynorske
− Vil ikkje desse endringane fjerne nynorsken frå monoftongerande austlandsfolk?

− Det kan nok henda at somme frå Austlandet kjem til å sakna skrivemåtane med monoftong, ettersom desse formene er i samsvar med mange av austlandsdialektane.

− Sjølv meiner eg at nemnda har gjort klokt i å gjera dei tradisjonelle, eller erkenynorske, diftongformene til eineformer, seier Fridtun, og legg til:

− Og eg er austlending!

LES MEIR: Ein må klare seg utan oppdaterte ordlister til medio august

Vekk frå samnorsktanken, fram med klangrikdomen
Kva tankar trur du ligg bak at ein gjer desse endringane no?

− Som kjent er formene med monoftong i hovudsak tilnærmingsformer med opphav i samnorskpolitikken. Nynorsken har i det store og heile diftong der norrønt og mange av målføra har det, og det verkar såleis rart å ha monoftong i eit ørlite utval ord medan det er diftong i resten, meiner Fridtun.

− Det er talande at ingen av dei som ynskjer seg monoftongerte former som glømma og kjøra, har teke til ords for å byta ut ein, eit, bein og raud med en, et, ben og rød, seier ho.

Fridtun meiner diftongane er ein viktig identitetsmarkør for nynorsken.

− Diftongane gjev nynorsken mykje av den særmerkte klangrikdomen me er så stolte av, difor gjer me rett i å stella dei godt, avsluttar ho.

LES MEIR: Intervju med Kristin Fridtun i Under Dusken.

LES OGSÅ: Del 1 Del 2 og Del 3 i føljetonga om den nye rettskrivingsreforma!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38
ANNONSE