Dette er den nye nynorsken (del 1)

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Fridtun har teke ei pause frå ferien sin for å fortelje deg om korleis den nye rettskrivingsreforma endrar kva du har lov til å skrive. Ho har fast språkspalte i Dag og Tid, og har studert nordisk språk. I ein føljetong på fem delar tek ho sikte på å oppsummere kva endringane går ut på. 

Del 1: Skiljet mellom hovudformer og sideformer går ut

Kva tyder det at hovudformer og sideformer går ut? Kan ein velje det ein vil?

− Som kjent har det tidlegare vore eit skilje mellom kva slags former lærebokforfattar og statstilsette kan bruka (hovudformer, «læreboknormalen») og kva slags former skuleelevar og andre kan bruka (sideformer, klammeformer). I den nye norma er skiljet mellom hovud- og sideformer oppheva, og fylgjeleg kan alle velja fritt mellom formene i rettskrivinga.

LES MEIR: −Nye norske nynorskpoetar har noko å seia, seier Helge Torvund

Mandatet til rettskrivingsnemnda var å lage ei «tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Har det blitt strammare?

− Det gamle systemet syntest å hinta om at hovudformene var betre og rettare og meir ynskjelege enn andre, til dømes sommar, medan me helst ikkje burde bruka sideformene som stod i klammer, til dømes [sumar]. No er alle formene jamstilte (sommar el. sumar) og det er ingen reglar for kven som skal bruka kva i kva slags tekster, seier Fridtun.

− I nokre tilfelle er éi av formene tekne heilt ut or norma, slik at éi form står att. Stundom er det den tradisjonelle nynorskforma (sumelæsaidrotttunn) som går ut, medan den nye (og bokmålspåverka?) forma står att som eineform (sommelåsaidretttynn). 

− Andre gonger er det motsett: Formene holdningtålmodfinnassnakkasbare og mye går ut, medan haldningtolmodfinnastsnakkastberre og mykje vert eineformer. 

− Jamt over er det like fullt slik at eit ord som før hadde ei hovudform og ei sideform, no har to eller fleire jamstilte, altså heilt valfrie, former. (Om me skal vera litt vrange og vridne, kan me hevda at den nye nynorsken − i strid med mandatet til rettskrivingsnemnda − framleis har sideformer, men no former som står jamsides einannan i staden for ei overordna form og ei underordna form.)

LES MEIR: Innføringsbrosjyre om rettskrivingsreforma frå Språkrådet

Meiner du desse endringane er til det betre, eller finst det usikre moment?

− Mange synest nok det er ei vinning at me no kan nytta dei rettskrivingsformene me vil når me vil. Jamvel om eg tykkjer mon i at skiljet mellom hovud- og sideformer er borte, er ikkje denne endringa heilt utan ulemper. Mellom anna kan jamstillinga av former gjera det nynorske skriftbiletet endå meir mangfaldig − eller ustabilt − enn det er no, ved at fleire former er tillatne i lærebøker for skulen og i statstenesta. Dimed kandet verta vanskelegare for ustøe nynorskbrukarar å velja kva slags former dei skal bruka. 

− Nynorsken hadde nok vore lettast å læra dersom me skilde oss heilt av med valfridomen så kvart ord hadde éin skrivemåte, men samstundes har mange av dei valfrie formene fastna og vorte viktige i skrifttradisjonen. Det er nok difor valfridomen er etter måten stor i den nye norma òg. Mellom anna kan du framleis velja om du vil bruka a-infinitiv (verahoppa) eller e-infinitiv (verehoppe) eller kløyvd infinitiv etter reglane i ordlistene (verahoppe).

LES MEIR: Intervju med Kristin Fridtun i Under Dusken. 

LES OGSÅ: Del 2 og Del 3 og Del 4 og Del 5 i føljetonga om den nye rettskrivingsreforma!