Dette er den nye nynorsken (del 2)

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Fridtun har teke ei pause frå ferien sin for å fortelje deg om korleis den nye rettskrivingsreforma endrar kva du har lov til å skrive. Ho har fast språkspalte i Dag og Tid, og har studert nordisk språk. I ein føljetong på fem delar tek ho sikte på å oppsummere kva endringane går ut på.  

Del 2: Preteritum av linne verb

Kva har hendt med dei svake/linne verba? Blir det lettare å bøye no enn før?

− Valfridomen er vorten mindre, særleg i preteritumsbøyinga av linne (svake) verb. Den store flokken med a-verb har rett nok same bøyinga som før: kastar − kasta − har kasta.

− Endringane gjeld fyrst og fremst dei såkalla e-verba (t.d. kjøpa, senda) og j-verba (t.d. setja, telja). Mange av dei har tidlegare hatt valfri ending, på anten –te eller –de, til dømes har verbet ringja hatt ringde som hovudform i preteritum og [ringte] som sideform. I den nye norma har mest alle desse verba éi tillaten form i preteritum.

Korleis veit vi kva verb som skal bøyast slik og slik, då?

− Dei e-verba med ei stamme (det er den forma du får når du har infinitivsforma og tar bort infinitivsmerket, som kjøp– av kjøpa og vis– av visa-) som endar på f, l, s, k, p, t eller r kan berre ha endinga –te i preteritum.

− Ein god hugseregel er at det skal vera –te i verb som har ei stamme som endar på ein av konsonantane i ordet FLASKEPOSTAR. Til dømes skal det no heita delte, viste, hukte, kjøpte, lærte, førte, diskuterte, forklarar Fridtun.

− Det same gjeld e-verb som har ein vokal + n som stammeutgang, slik som mein– (av meina), syn– (av syna) og ten– (av tena). Dei skal ha formene meinte, synte og tente i preteritum − slik dei alltid har hatt, legg ho til.

LES MEIR: Innføringsbrosjyre om rettskrivingsreforma frå Språkrådet

Fleire endringar på -de
Men det var vel ikkje alt?

− E-verb med ei stamme som endar på vokal eller på d, g eller v (t.d. tru-, send-, ring-, lev-) kan no berre ha endinga –de i preteritum: trudde, sende, arbeidde, ringde, bygde, levde. Me skal særskilt merka oss at e-verb med diftongen øy– i seg (t.d. døy, drøyma, høyra, løyna, køyra) berre skal ha endinga –de i preteritum: døydde, drøymde, høyrde, løynde, køyrde. I den gamle norma hadde me sideformer som drøymte og køyrte, men dei er tekne ut or den nye rettskrivinga.

− Størsteparten av j-verba (t.d. smørja, telja, spørja, velja) skal òg ha endinga –de i preteritum: No vert smurde, talde, spurde og valde eineformer.

LES MEIR:  Nye norske nynorskpoetar har noko å seia, seier Helge Torvund

Ikkje heilt strengt
Lite grann valfridom er det likevel, seier Fridtun. 

− Ved linne verb med stammeutgang på m(m) og enn kan me velja mellom –de og –te: skremde eller skremte, brende eller brente, avsluttar ho.

LES MEIR: Intervju med Kristin Fridtun i Under Dusken.

LES MEIR: Del 1 i føljetongen om den nye rettskrivingsreforma