Minoritetselevar får sjeldnare læreplass

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minoritetar utan læreplass

I ein rapport om Barn, unge og voksne med innvandrerbakgrunn i grunnopplæringen som Utdanningsdirektoratet har laga, kjem det fram at elevar med innvandrarbakgrunn er overrepresentert blant dei som har søkt, men ikkje får tilbod om lærlingplass. Dette gjeld både dei som er fødd i Noreg og dei som har flytta hit etter kvart. Statistikken gjeld uavhengig av kor gode karakterar elevane har.

Systemsvikt
Det er særleg elevar med innvandringsbakgrunn frå Afrika og Asia som slit med å bli vurdert positivt hos arbeidsgjevarar rundt omkring i landet.

Axel Fjeldavli, leiar i Elevorganisasjonen, meiner det er eit strukturelt problem.

− Mange av elevane som blir ståande utan læreplass er minoritetsspråklige. Mangel på læreplassar er kanskje den største systemsvikta i det norske skulesystemet, seier han.

LES MEIR: Lærlingar med majoritetsbakgrunn fekk toppjobb

Ser først og fremst på namnet
Fjeldavli meiner den skeive tendensen, som har vart i fleire år, er trist.

Når bedriftene først og fremst ser på papira til lærlingane, blir det gjerne slik at elevane som har utanlandsk namn hamner langt bak i køa, og det er trist. Namnet ditt fortel jo ikkje kor bra jobb du kjem til å gjere som lærling, påpeiker han.

Det er stadig elever som tek kontakt med rettigheitstenesta hos oss som lurer på kva dei kan gjere når dei ikkje har fått læreplass – nokre av desse er minoritetsspråklege.

Øyremerka tilskot til minoritetselevar
I år er totalt 16500 elevar på vidaregåande utan tilbod om skuleplass, medan 13000 står på venteliste. Fjeldavli meiner det er fleire ting som må gjerast for å betre situasjonen for dei av desse som står utan læreplass.

Det er fleire tiltak som må gjerast for å få bedriftene til å ta inn fleire minoritetsspråklege lærlingar. Det mest openberre er å gi ekstra tilskot til bedrifter som tek inn elevar med spesielle behov. I tillegg må elevane på yrkesfag meir ut i bedrift enn tidlegare, avsluttar han.

LES MEIR om den nye leiaren i Elevorganisasjonen i dette intervjuet