Tøff hybelmarknad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 16 år gamle Aurora Hellandsjø Lysne har fått erfara at å gå på hybeljakt ikkje er lett.

I Sogndal er det eit kjent fenomen at studentane ved høgskulen kan ha vanskar med å finna seg stad å bu.

Men også elevane ved den vidaregåande skulen opplever bygda har høge hybelprisar og få å venda seg til for å få hjelp.

Føretrekkjer studentar
Aurora frå Lærdal fortel at ho har vore i kontakt med fleire utleigarar.

– Men eg fekk som oftast tilbakemelding om at dei helst ville ha studentar, eller at hyblane allereie var utleigde. I tillegg var det ein del hyblar eg ikkje forhøyrde meg om, rett og slett fordi prisane var for høge. Då var det snakk om prisar mellom fire og fem tusen, umøblert, der straum kom utanom, fortel ho.

Etterlyser hjelp
Sisof hjelper høgskulestudentane med å skaffa bustad. Aurora, som no har fått tak over hovudet, kunne ynskje at Sogndal VGS hadde liknande tilbod.

– Eit tilbod eller system som hjelper elevane ved skulen å koma i kontakt med hybelmarknaden hadde vore fint.

Kan ikkje hjelpa alle
– Me hjelper dei så godt me kan, men me har ikkje kapasitet til å hjelpa alle, seier Randi Marie Sjøholt, direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, SISOF.

Ho meiner at Sogndal VGS burde ha ein kontaktperson som kan gi råd til vidaregåandeelevar som leitar etter hybel.

Må byta skule
Sogndal VGS har inga eiga ordning som hjelper elevar med å skaffa seg hybel.

– Diverre har me ikkje det, men me formidlar den informasjonen me får vidare til elevar som leitar, seier rektor Marta Sofie Vange.

Ho stadfester at nokon må sjå seg om etter anna stad å ta utdanning.

– Me har opplevd at elevar har måtta skifta skule grunna bustadmangel, og det er veldig leit, fortel Vange.

Går i arv
Sjøholt seier mange hyblar på privatmarknaden går i arv.

– På denne måten blir det svært vanskeleg for tilflyttarar, utan særlege kontaktar, å skaffa seg hybel i Sogndal.

Sjøholt fortel at dei jobbar med å få til 20 nye studenthyblar til neste år for å letta trykket på marknaden.

Økonomi
Dei siste åra har delar av hybelmarknaden gått veldig opp i pris, særskilt i nye bygg. Dette heng saman med auka byggjekostnadar, seier Sjøholt.

– Me har sett hyblar på privatmarknaden som ligg ute til 5.000 kroner per månad, der straum og internett kjem i tillegg.

Ein betra privatøkonomi har også påverka hybelsituasjonen i Sogndal.

Grunna ein betra privatøkonomi er det mange som ikkje lengre har behov for å leiga ut.

– Dette gjeld spesielt dei som snart har nedbetalt huslåna sine, seier ho.

LES SAKA i Sogn Avis