VG-redaktør innrømmer at testen dei hadde om nynorsk var dårleg.

Espen André Breivik
Espen André Breivik

I debatten om nynorsk i media deltok vinnarane av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, kultur- og debattredaktør i Bergens Tidene Hilde Sandvik og Firda-journalist Katrine Sele, samt Elisabeth Skarsbø Moen frå VG og redaktør i Sunnmørsposten Hanna Relling Berg.

Sandvik, Sele og Berg får skrive nynorsk i sine aviser, medan Moen ikkje får nytte hovudmålet sitt i VG.

Under sidemålsdebatten som kunnskapsministeren set i gong tidleg dette året, laga VG ein test på sine nettsider, der ein kunne teste eigne nynorskkunnskapar, med ord som åtgaum og vørdnad.

– Der dreit vi oss ut, sa Elisabeth Skarsbø Moen, debattredaktør i VG under Dei Nynorske Festspela i Volda/Ørsta fredag.

– Vi brukte utdaterte nynorske ord, og møtte difor stor kritikk, så det var VG som dumma seg ut, ikkje nynorsken, sa Moen til applaus frå salen.

På spørsmålet om det var komersielle grunnar til dette i ei avis som VG, svara Elisabeth at ho meina det er få kommersielle grunnar til å hindre nynorsk i ei riksavis. – Eg trur det handlar om lite kunnskapar om språk blant aktørane i media.

– Det er synd at journalistar ynskjer, men ikkje får lov til å skrive på nynorsk. Enda meir synd er dette for lesarane. Dette gjer meg trist, sa prisvinnar og Firda-journalist Katrine Sele. Bærumskvinna starta skrive nynorsk då ho flytta til Sogn og Fjordane og byrja jobbe som journalist.

– Det språklege mangfaldet er noko av det som gjer meg stolt av å vere nordmann. Etter å ha byrja med nynorsk har eg fått ei større språkforståing.

Sandvik frå Bergens Tidende innrømma at det også oppfattast å vere eit kommersielt press for meir bokmål i Bergensavisa, men skraut samtidig av at BT i dag har mange nynorskbrukarar.

Då Sandvik mottok prisen frå departementet gjekk ho med det same til åtak på ein slik pris frå staten, – som har gjort meg til ein klient, og gitt meg eit klapp på skuldra for å vere flink pike, sa ho frå talarstolen. Sandvik viste til ei stadig sentralisering, der makta og ressursfordeling foregår, at mangfaldet vert sila her, at nynorsken vert sila her, på ein dårleg måte. Ho påpeikte likevel at ho ikkje var utakknemleg for prisen.

– Så lenge eg får kjempe, vil det framleis vere mykje nynorsk også i Bergens Tidende, formidla Sandvik engasjert under debatten.

Verken VG eller Bergens Tidende har ein tydeleg språkpolitikk for bruk av nynorsk, så her vart Sunnmørsposten trekt fram som eit godt førebilete.

– For å verte tilsett hjå oss må ein beherske både bokmål og nynorsk, vi gjer det vi kan for å skrive like mykje nynorsk som bokmål, utan at vi har fått nokre negative tilbakemeldingar av den grunn, fortalde Berg, redaktør i Sunnmørsposten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE