Dobbelt så mykje nynorsk

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dobling av nynorsk Wikipedia

Rapporten Språkstatus 2012 tek for seg tilstanden for språk og språkbruk på ulike samfunnsområde. Språkrådet gjev ut ein slik statusrapport kvart år. Det språkpolitiske ansvaret til Språkrådet gjeld no òg teiknspråk, og i år har Språkstatus for første gong brei omtale av situasjonen for norsk teiknspråk.

Språkstatus 2012 syner mellom anna at nynorskdelen i barne- og ungdomskanalen NRK Super vart dobla frå 2010 til 2011 og at nynorsk Wikipedia har auka prosentvis dobbelt så mykje som bokmålsversjonen sidan 2011, og at annankvar nynorskelev har bytt hovudmål frå dei byrjar på barneskulen til dei går ut frå vidaregåande skule.

Elles nemner rapporten at:

•    Det kan sjå ut til at folk er leie av engelsk i reklame og marknadsføring i Noreg og ynskjer meir bruk av norsk på desse områda.

•    Det er ein tendens til at store statsåtte selskap ynskjer å kopla seg fri frå dei språklege pliktene dei har i Noreg.

•    Språkpolitiske retningslinjer som vert vedtekne ved universitet og høgskular, ser ut til å verta nedprioriterte eller forsvinne heilt i dei sentrale strategidokumenta til dei same institusjonane.

•    Sosiale medium vert bruka meir og meir i det norske samfunnet, og sannsynlegvis skjer det språklege endringar der som gradvis kjem til å få fotfeste også utanfor desse media.

•    Det er framleis altfor få internasjonalt fastsette standardar som vert omsette til norsk.

•    Det er ofte personar med mangelfull kompetanse om teiknspråk som vurderer om barn skal få rett til opplæring i og på teiknspråk.

•    Det trengst betre ordbøker for romani og kvensk.

•    Vi veit for lite om kor godt skuleungdom faktisk skriv nynorsk og bokmål som sidemål og hovudmål.

•    Språkrådet får stadig fleire klagar på brot på mållova.

•    Mange statstilsette ser ut til å trenga grunnleggjande opplæring i nynorsk, men etterspurnaden etter nynorskkurs er ikkje så stor som behovet tilseier.

•    Språkbanken er etablert og under oppbygging og skal gje språkressursar til utvikling av norskspråklege produkt og tenester.

Kvart fjerde år skal Kulturdepartementet leggja fram for Stortinget ei melding om språk, som skal byggja på dei årlege statusrapportane frå Språkrådet.

Les òg: Nytt og betre nettkurs i nynorsk