Over heile landet kjempar  ungdomspartia for sine kandidatar i nominasjonsprosessane. I Møre og Romsdal kan det gå vegen. 

Der har nominasjonskomiteen i Arbeidarpartiet innstilt 22 år gamle Fredric H. Bjørdal på andreplass og sikker stortingsplass. 

– Å verte foreslege slik er ikkje kvardagskost, så det er veldig stas for meg og sjølvsagt kjenner eg meg både stolt og audmjuk. Eg trur òg det er lurt av partiet å satse på ein ungdom, seier Fredric  H. Bjørdal. Han meiner det er avgjerande med eit breidt samansett Storting.

– Grå menn åleine gjev ikkje den beste politikken. 

Anna perspektiv
– Eg vil satse alt på å kome inn og ei framtid som stortingsrepresentant er ein stor draum. Samstundes må eg førebu meg mentalt til dei store oppgåvene, som ligg i det å vera blandt landets fremste tillitsvalde, seier Bjørdal.

Han har fått utelukkande positive attendemeldingar etter at forslaget kom. Einaste unntak er litt broilerprat. Men det tilbakevisar han med å peike på fem års arbeidserfaring frå barnevernet og som miljøarbeidar, og ein fullført bachleorgrad neste år.

– Sjølv om eg og eldre politikarar er samde i dei politiske sakene, tek eg jo med meg andre erfaringar og perspektiv. Det er så mange sakar eg brenn for, men arbeids- og sosialpolitikk ligg nok hjartet mitt nærmast. Å drive valkamp er det eg likar best i heile verda, så eg berre gler meg til neste sumar, avsluttar Bjørdal.

Kjensler
  – For oss i AUF er det dette veldig positivt og ei stor tillitserklæring til oss som ungdom. Samstundes handlar det mest om Fredric sjølv. Han har gjort ein veldig god jobb og han har mange gode eigenskapar som poltikar, seiar fylkesleiar Astrid Willa Eide Hoem.

Sjølv er ho innstilt som nr. 7 og vert som 18-åring den aller yngste nominerte på lista. I AUF har ho vore med å jobbe for Fredric H. Bjørdal sitt kandidatur, og vonar det kan bane veg for ungdomsnominasjonar òg i andre fylke.  

– I ein nominasjonsprosess handlar det om val av person. Då vert det mykje kjensler og ting kan verte ubehageleg. Derfor er det viktig at heile prosessen er så ryddig som mogleg, seier Eide Hoem. Ho peikar på at ein i nominasjonstida må vera ekstra varsam med å skilje sak og person, og ikkje tale nedlatande om andre kandidatar.

LES OGSÅ: Kjempar for mindre forskjellar

Ikkje gale
– Det varierar noko kor godt ungdom er representert på listene og det har vore peikt på at ungdom og kvinner hamnar langt nede. Men når ein ser kven som faktisk sit på Stortinget er det ein god del unge menneske. Så det står ikkje så gale til med ungdomsrepresentasjonen, fortel valforskar Bernt Aardal. 

Det er framleis middelaldrande menn som dominerer på Stortinget. Aardal meiner mangelen på eldre kan vere eit større problem.

 

– Partia er jamnt over opptekne av å få fram unge kandidatar, så ein god del vert sett på valbar plass på listene, held valforskaren fram. Han peikar òg på at ungdom som har vore vararepresentantar  til Stortinget  kan få sjansen ved regjeringsskifte og andre utskiftingar i regjeringa.

LES OGSÅ: Nominér unge til Stortinget

Nominasjonsprosessar
– Jamnt over er nominasjonsprosessane i norske parti ganske like, med ein sterk tradisjon for lokal styring. Fylkeslaga vil i størst mogleg grad ha kontroll over prosessen. Framstegspartiet er dei som skil seg litt ut, med større grad av styring frå partileiinga, forklarar Aardal.

Han peikar på  at mykje av konfliktane kring nominasjonsprosessane kjem nett når partiileinga sentralt vil ha sine kandidatar på sikker plass. Som då Dagfinn Høybråten tapte kampen mot Valgerd Svarstad Haugland i Akershus og fekk topplassering på Kristelig Folkeparti si liste i Rogaland i 2004.

Kva meiner du? Kva kan ungdomspartia gjere for å fram sine kandidatar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE