Kjempar for mindre forskjellar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spanande. Det er det fyrste ordet Astrid Willa Eide Hoem brukar for å skildre tilveret som leiar i Møre og Romsdal AUF.  Tidligare i år vart ho som 17-åring, ein av landets yngste fylkesleiarar. Vi møtte henne heime i Kristiansund, for å tale om engasjementet, tilveret, politiske førebilete og bussturane.

For å starte med det siste. Det vert mykje reising i eit stort fylke som Møre og Romsdal. Og når Framtida møter Astrid, er ho på veg til AUF sitt landsstyremøte i Oslo.

– Eg får reist rundt i heile fylket, men bussturane er heilt uproblematiske og faktisk veldig fine. Eg førebur meg til møte og så er det så mykje flott natur å sjå på!

LES OGSÅ: Filma valkampen – så endra alt seg

Forandring på mange frontar
For Astrid var AUF det rette valet då ho melde seg inn som 14-åring i 2009. Driven av ei interesse for politikk og ynskje om forandring.

– Eg trur det er viktig å understreke at ein kan skape forandring i så mange jobbar. Ein kan jo gjera ein like stor forskjell med å vera ein god lærar, som ein kan med å vera politikar.

Astrid brukar tid på politikk fordi ho føler ho kan gjere ein jobb og fordi ho trur det går an å skape forandringar. Ho ynskjer å skape eit samfunn med mindre forskjellar.

– Veldig mykje er på rett veg, eg er til dømes særs nøgd med at den raudgrøne regjeringa fekk på plass ein felles ekteskapslov og at det har vorte gratis skulebøker. Men ein kan framleis kome seg vidare, seier ho. I det siste har det særleg handla om ein meir human asylpolitikk og om asylborna. Og Astrid ser på vedtaket til årsmøtet i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, om å la vera å sende ut asylborna, som ein av sine største politiske augneblinkar.

LES OGSÅ: – Ikkje ekstra fuktig i ungdomspartia

Hårfin balanse
– Nokre gonger får eg ikkje med meg alle sosiale samankomstar med vennegjengen heime i Kristiansund og eg må ta nokre kjipe val. Det er jo dumt for meg som hatar å gå glipp av ting. Men det er viktig å prioritere, særleg når ein har mange jern i elden.

For sjølv om Astrid brukar fleire timar på politikk kvar dag i snitt og det nokre gonger vert meir AUF enn skule, føler ho ikkje at ho må forsake så mykje.  

– Eg treff jo så mange flotte menneske gjennom det å vera engasjert og har fått mange av mine beste vener i organisasjonen. Eg lærer enormt mykje, og  tanke på skulen – har vi om velferdsstaten i samfunnsfag har eg jo lært mykje om det i AUF, fortel Astrid. Som og meiner det er viktig kor godt ho vert teke vare på av partiet. Det er til dømes kort veg frå AUF til Møre og Romsdal Arbeiderparti sin fylkesbenk på Stortinget.

LES OGSÅ: – Utøya er framleis vår øy

Førebileta
– Den eg alltid har hatt som politisk førebilete er Olof Palme. Han var ein stor person og hadde evna til å tenkje ideologisk, sjølv som statsminister. Og så hadde han eit  imponerande engasjement for internasjonale saker, seier Astrid, når vi spør om dei politiske førebileta hennar.

– Knut Storberget er og viktig for meg, fordi har er ein så menneskeleg politikar. Det er jo nett å vise slike menneskelege side politikarar skal, seier Astrid.

Ho trekkjer og fram landets mange kommunestyrerepresentantar og AUF-arar som trufast kjempar for det dei trur på, som politiske førebilete.

– Ein eg har som eit viktig førebilete på ein litt annan måte, er Jostein Gaarder. Det handlar om måten han lyftar fram filosofi på, held Astrid fram.

LES OGSÅ: Sankar stemmer på fire hjul

Bakteppet
For Astrid som vart fylkesleiar vel eit halvt år etter 22. juli, vil alltid hendingane vera eit bakteppe for det politiske arbeidet.

– Vi mista så sterke stemme. Så det vi må gjere, er jo å halde fram arbeidet og kjempe deira saker.

Astrid var sjølv på Utøya. Engasjementet, ynskje om endring – sjølve stemninga, som var på Utøya før massakren, trekkjer ho fram som eit av sine beste minne frå AUF. Og det minnet vil ho halde på i det vidare arbeidet.

– Å få vera ung fylkesleiar i AUF er stort. Det er så spanande og eg vil halde fram og jobbe hardt kvar einaste dag, avsluttar Astrid Willa Eide Hoem.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?