Dobla omsetninga med lokal mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gloppen hotell har dobla omsetnaden frå tre til seks millionar i første kvartal i år samanlikna med i fjor. Satsinga på lokal mat får mykje av æra.

Hotellet har gjennom fleire år markert seg sterkt på matfronten og fått fleire prisar og utmerkingar.

LES OGSÅ: Vi stappar ikkje i oss sterk mat

På menyen står mellom anna hjort, laks, gris, okse, kje og lam. Alt frå krydder til kylling og fisk blir levert frå nærområdet, fortel NRK. Dei fleste bær og grønsaker er òg frå lokale bønder.

Og både tilreisande og fastbuande veit å setja pris på maten.

– Det kjem veldig mykje folk utanfrå bygda for å eta her. Men glopparane er svært flinke til å bruka sitt eige hotell som serveringsstad og til representasjon, seier hotellsjef Dag Moen til NRK.

I fjor investerte hotellet i eit nytt bygg for 32 millionar kroner, og talet på gjester både i restauranten og på overnatting er dobla. Sjølv trur hotellsjefen at 2012 blir eit nytt rekordår.

(©NPK)