Dei djupaste røystene

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bassar er menn. Store menn, med djupe, brummande røyster. Jens-Erik Aasbø (33) er nærmast for ein lettvektar å rekne og pur ung i bassbransjen. Stadig fleire ønskjer å leve av songen, men bassrøystene er framleis sjeldan vare.

I ei heldig stilling
Operahøgskolen, som ligg under Kunsthøgskolen i Oslo, tilbyr den einaste masterutdanninga innan opera i Norge. Dei utdannar fire til seks operasongerar i året.

Blant elegante sopranar, kjekke tenorar og høgreiste barytonar, finn om lag kvart tredje år ei solid bassrøyst vegen ut av den høgste operautdanninga i landet.

Èin av desse er Jens-Erik Aasbø frå Gjerstad. Han byrja først å synge då han saman med ein kompis song og serverte i bryllaup på vidaregåande. I ein alder av tjuefire bestemte han seg for å sjå kor langt han kunne komme med si djupe røyst. For eitt år sidan avslutta han masterstudiet ved Operahøgskolen og i dag lev han av å fylle Den Norske Opera & Ballett, der han er solopraktikant, med dei djupaste tonar.

– Eg er i ei heldig stilling. Det er ikkje så mange av oss og vi kan halde på lenger enn andre songarar, fortel Jens-Erik.

LES OGSÅ: Korleis får Gerdur Kristny meg til å lese krim?

 

Trong for dei særeigne stemmene
Svein Helge Bjørkøy, som er seksjonsleiar for song ved Norges musikkhøgskole, stadfestar at konkurransen om operarollene er hard.

– Å berre telje med operasongarane som har studert i Oslo, gir eit veldig snevert bilete, seier han.

Oslo-utdanna talent møter nemleg konkurrentar frå mange hald i tevlinga om roller i tragediar og komediar. Songarar med utdanning frå andre land, særleg operahøgskulane i København og Stockholm, og songarar utan formell utdanning aukar trykket.

– Sidan det i utgangspunktet er så få som har basstemme, står bassane i ei vesentleg  sterkare stilling enn andre stemmer når dei skal søke jobbar. I dag er det eit visst overskot av sopranar, bra dekning i mezzofaget og ganske mange barytonar. Når det kjem til altane, tenorane og bassane er det ei underdekning, fortel Bjørkøy.

Født sånn
Bassane i Noreg er så få at dei nærmast liknar ein liten vennegjeng.

– Eg ser ikkje på dei andre som konkurrentar i så stor grad. Det er hyggeleg å treffe på ein av dei andre karane og utveksle basserfaringar, seier bassrøysta Jens-Erik.

Kvifor er dei så få? Det handlar om fysikk.

– Det er rett og slett ikkje så mange som har mørk nok stemme til å synge bass. Oftast er bassane høge og store, fordi store personar har lengre stemmelepper og dermed mørkare stemmer enn små personar, fortel Jens-Erik.

Ei bassrøyst er ikkje noko som kan lærast. Anten er du født med evna til å nå så langt ned i skalakjellaren som mogleg, eller så er du ikkje. I tillegg må du ha bereevne.

– Vi syng utan mikrofon og så mørkt at utan god bereevne hadde ikkje nokon høyrt oss over eit orkester på kanskje førti personar. Dermed må ein god bass jobbe med å utvikle eit berande spekter av overtonar, som finn stad i eit frekvensområde orkesteret ikkje spelar i. Slik ber stemma over eller gjennom musikken, fortel Jens-Erik.

Det hjelp ikkje å rope. I alle fall ikkje på sikt.

– Det skal jo vere fint òg, seier den ferske bassen.

LES OGSÅ: Intellektuell karaoke

Alkohol og religion
– Kjærleiken er ikkje noko for meg, syng Kong Philip i operaen ”Don Carlos”. Det er som regel ikkje bassen som får den finaste dama når tragediane utspelar seg på scena.

– Helten er som regel ein tenor, som fell for den vakre sopranen. Mezzosopranen er tener eller rival, medan heltens kompis som regel er baryton. Bassen fyller rollene som konge, yppersteprest, sjølvaste Gud – eller far, fortel Jens-Erik.

Han meiner hans raude skjegg kombinert med kunstferdig sminke berre delvis kan vege opp for manglande livserfaring.

– Eg er trettitre år og nytutdanna, så tilsynelatande er eg komen seint i gong. Men når ein skal spele faren til ein haug med folk vert eg for ung, seier han.

Den andre gruppa typiske bassroller finst i den andre enden av samfunnslaga.

– Vi har som regel anten veldig høg eller veldig låg status. Yppersteprest eller fulle, lurvete karar, seier han.

Og sjølv om både ypparsteprestar og fyllikar kan håpe, finn Jens-Erik sjeldan kjærleiken på scena.

– Det kan verke som kjærleiken er irrelevant for bassen. Vi held på med andre ting – makt, religion eller alkohol. Og krig – krig er viktig, seier Jens-Erik og humrar litt, langt der nede i halsen.

Auka interesse
Dei fleste songarar arbeider som frilansarar. Det same gjeld for bassane. Ingenting tyder på at jobbmarknaden skal bli rausare i næraste framtid.

– Vi merkar ei auke i interessa for å studere opera, fortel studieleiar ved Operahøgskolen, Jon Petersen.

Søkartala til årsstudiet ved Operahøgskolen auka med førti prosent frå i fjor til i år. I 2012 tevla 49 studentar om fem plassar.

Operahøgskolen, Musikkhøgskolen og Den Norske Opera & Ballett har dei seinare åra samarbeida om å utdanne operasongarar. På Musikkhøgskolen ser seksjonsleiar for song, Svein Helge Bjørkøy, den same tendensen.

– Interessa for å studere song har absolutt auka dei siste åra. I dag er det fleire enn før som ser at ei operakarriere faktisk kan vere ein leveveg og som har ein draum om å leve av operasong, fortel Bjørkøy.

LES OGSÅ: Felejenta

Ein audmjuk bass
Sjølv om bassane er i mindretal, tek ikkje Jens-Erik karriera på forskot.

– Vi er få, men det finst også relativt få bassjobbar. Eg føler ikkje at bransjen skrik etter meg og draumen er framleis å få jobb, ikkje å få draumejobben, seier han.

Medan Jens-Erik ventar på å eldast til ypparsteprest eller konge, bruker han tida til å lære seg rytmen i eit operahus.

– Eg har gjort mange veldig lærerike småroller. Mi merkelegaste rolle så langt var i operaen ”Tristan og Isolde”. Eg var karen som stod på sidescena og ropte at slaget er tapt. Eg hadde fire taktar på seks sekund og eg har aldri vore så nervøs, fortel bassen frå Gjerstad, som viss han må innrømmer at ei rolle i ein storslegen Wagner-opera er draumen.

Faktaboks

Spirande operasongarar kan studere klassisk song ved dei fleste universiteta i Noreg.

I Oslo er Noregs Musikkhøgskole og Barrat Due Musikkinstitutt moglege vegar å gå. Operahøgskolen under Kunsthøgskolen tilbyr den einaste reine operamasteren i landet.

Mange utdannar seg òg ved Operaakademiet i København eller ved Operahögskolan i Stockholm.