Forsking skal avsløre lakseløyndomar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar i Canada, Chile og Noreg har i fleire år samarbeidd om kartlegging av genane til laksen. Om eit års tid vil truleg heile arvematerialet til laksen vere kartlagt, seier professor Stig Omholt vedUniversitetet for miljø og biovitskap (UMB).

– Denne kunnskapen vil vere av stor verdi både for oppdrettsnæringa og villaksforvaltinga, seier Omholt til NTB.

– Kanskje kan vi også få svar på nokre gamle gåter. For eksempel kvifor laksen er raud i kjøtet, og korleis villaksen finn vegen tilbake til elva der han vart klekt, legg han til.

Oppdrettsnæringa
Siste nytt om kartlegginga av arvestoffa til laksen og regnbogeauren blir lagt fram på ein internasjonal konferanse i Oslo denne veka. Konferansen er arrangert av det internasjonale konsortiet bak kartleggingsprosjektet. Arbeidet er finansiert av styresmaktene i Canada, Chile og Noreg, i tillegg til store bidrag frå oppdrettsnæringa.

For kunnskap om arvestoffa til laksen kan vere gull verdt for oppdrettsnæringa, både når det gjeld produksjon, sjukdomsresistens og produktkvalitet.

Resistens
Informasjonen frå kartleggingsprosjektet er alt teke i bruk av industrien, for eksempel i utviklinga av resistens mot laksesjukdommen IPN. Arbeidet med å utvikle steril oppdrettslaks, for å hindre genetisk forureining av villaksen, har også stor nytte av kartlegginga.

– Temaa på konferansen er bevisst sett saman ut frå eit sterkt ønskje om å etablere ein arena der industri og forskarar kan treffast, seier Omholt.

Kunnskapen har også stor verdi for forvaltinga av villaksen.

– Vi kan for eksempel få eit heilt anna innsyn i forholdet mellom tamlaks og villaks. Dette er eit nytt verktøy som kan gjere både produksjon og forvalting meir berekraftig, seier han.

Ingen monsterlaks
Genetisk manipulering av laks er derimot ikkje eit tema på konferansen, seier Omholt. Han ser ikkje noko interesse for å bruke genmodifisering til å utvikle nye typar hurtigveksande «monsterlaks». Forsøk på å utvikle ein slik genmodifisert laks vart stoppa i USA i fjor.

Laksegenomet har vore krevjande å sekvensere, og arbeidet har teke lengre tid enn venta, seier Omholt.

– Veldig mykje vil skje det næraste året. Men så startar arbeidet med å tolke funna. Kartlegginga av heile genmaterialet til laksen er starten, ikkje slutten, på ein prosess, seier Omholt. (©NPK)