Tilsetjingsstoff som er forbode i hundemat i godteri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Farleg stoff i svensk godteri

EUs mattilsyn EFSA forbyr det syntetiske fargestoffet alluraraud i hundemat og anna dyrefôr, fordi ein ikkje kan sjå bort frå at det påverkar arvestoffa.

Same tilsyn tillèt likevel E129 i matvarer, og det er svært utbredt i svensk smågodt.

Den svenske EU-parlamentarikaren Åsa Westlund er uroa og har no bede EU-kommisjonen vurdere eit totalforbod av fargestoffet.

– Sjølvsagt skal ikkje menneske ha dårlegare vern enn dyr, meiner ho.

Urolege barn
Også i Noreg er E129 lovleg, men berre i brennevin, vin, barmiksar og stempelmerking av kjøtt.

I EU har det lenge vore ein debatt om bruken av E129 og fem andre syntetisk framstilte fargestoff, og EU-parlamentet har gått inn for totalforbod.

Fleire EU-land sette seg likevel imot forbodet, og som eit kompromiss blei det vedtatt å påleggje særleg merking av produkt som inneheldt slike tilsetningar.

«Kan ha negativ innverknad på oppførselen og konsentrasjonsevna til barn», seier frårådinga, som no er å lese med lita skrift på innpakningane.

Dette er ei åtvaring norske barn og foreldra deira på svenskehandel neppe får med seg, ettersom mesteparten av snopet blir kjøpt i lausvekt.

ADHD
Også i Noreg har det vore debatt om E129 og tilsvarande fargestoff, blant anna på bakgrunn av ein britisk studie frå 2007.

Den såkalla Southampton-studien konstaterte ein mogleg samanheng mellom syntetiske fargestoff og ADHD hos barn.

Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte saka på oppdrag frå Mattilsynet, men fann ut at bruken av E129 var avgrensa i Noreg.

Fargestoffa var her i landet forbodne fram til 2001 her i landet, då EØS-avtalen opna for bruk. Norsk næringsmiddelindustri forsikra den gongen at dei ville vidareføre praksisen frå tidlegare.

Vitskapskomiteen konkluderte derfor i 2008 med at bruken var «svært liten», men tilrådde likevel at «bruken av desse syntetiske fargestoffa i matvarer på den norske marknaden blir overvaka i framtida». (©NPK)