Nesten alle hjelpemiddel er tillatne til eksamen i vidaregåande skule. Dette skader læringa av basis­kunnskapen, meiner lektor Kjell Skartveit og Lektorlaget.

Per Anders Todal, Dag og Tid
Per Anders Todal, Dag og Tid

Kritikken mot kompetansemåla i læreplanane er på sin plass, men dette er berre ein del av problemet, meiner Kjell Skartveit, lektor ved Wang topp­idrettsgymnas i Stavanger. Han meiner det største problemet er at nesten alle hjelpemiddel er tillatne å bruke til eksamen i ei rekkje fag. I år opnar tilmed Utdanningsdirektoratet for prøveordningar med internettilgang under eksamen ved ein del skular.

– Eksamensforma pregar skulekvardagen meir enn kompetansemåla gjer, seier Skartveit, som underviser i historie, rettslære og politikk og menneskerettar.

– Dagens eksamensordning avslører ikkje kva eleven ikkje kan, og vi får ikkje premiert den faktiske kunnskapen til elevane. Som sensor kan eg ikkje premiere eleven som har god historisk oversikt. Det eg må sjå etter, er korleis eleven har drøfta emnet. Men ein uhyggjeleg stor prosent klarer jo ikkje det. Det er vanskeleg å drøfte kompliserte emne når du manglar basiskunnskap.

Og læringa av basiskunnskapen blir skadelidande nett fordi elevane veit korleis eksamen vil arte seg, meiner Skartveit.

– Elevane veit korleis eksamen blir: Dei får ein førebuingsdag heime med oppgåva, og dei kan bruke nesten alt av hjelpemiddel. Elevane klipper og limer og skriv kanskje eit avsnitt til slutt som er deira eige. I tillegg er det umogleg for sensorane å avsløre alt plagiatet, det lèt seg ikkje gjere å fange opp alt.

– Men eksamensforma med hjelpemiddel liknar meir på oppgåvene ein får i seinare studium eller arbeidsliv, når du har tilgang til mange kjelder?

– Det er jo noko av forsvaret for ordninga. Men eg er usamd. I arbeidslivet må ein òg ha mykje kunnskap med seg, og for å studere og forske må ein ha ei plattform av kunnskap å gjere det ut frå.

– Vi er jo mindre avhengige enn før av å bere informasjon i hovudet – fakta er som regel ikkje mange tastetrykka unna?

– Når det gjeld enkle fakta, er det rett. Men ein må ha kunnskap i forkant for å vite kor ein skal finne fakta. Den som mang­lar kunnskap, veit ikkje kor han skal finne relevante fakta eller korleis han skal vurdere kjeldene, seier Skartveit.

Les òg: Høgare utdanning heng etter

Klipp og lim
Også Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag, er svært kritisk til hjelpemiddeltilgangen på eksamen.

– Når sensorane ikkje veit kva hjelpemiddel eleven har brukt, vert det vanskeleg å avsløre kva som er plagiat eller juks. Fri tilgang på hjelpemiddel under eksamen fører òg til at mange elevar tek lettare på innlæring av basiskunnskap i faget, seier Paulsen.

– Dei trur at informasjonen kan hentast inn når dei treng det, eller dersom dei treng det, under sjølve eksamen. Mange satsar på å sleppe unna med klipp-og-lim-metoden.

Når eksamensforma ikkje etterspør grunnleggjande kunnskap, vert dette mindre vektlagt i undervisninga, meiner Paulsen.

– Difor ønskjer Lektorlaget ein todelt eksamensmodell i fleire fag, der det ikkje er lov å bruke hjelpemiddel i første delen av eksamen.

Ei slik ordning er det no i realfag som matematikk, men ikkje i språkfag eller samfunnsfag.

– Da vi fekk fri bruk av hjelpemiddel i norsk for tolv–tretten år sidan, kjende mange lektorar seg overkøyrde av Læringssenteret, forgjengaren til Utdanningsdirektoratet, seier Paulsen.

– Elevane møtte til eksamen med «trillebårlass» med hjelpemiddel. Det vart sagt at Læringssenteret da møtte lektorane med trillebårlass med arroganse. Sidan har det vore ein lang kamp for å få eksamen der minst halve tida vert utan hjelpemiddel og med oppgåver der elevane kan vise at dei har basiskunnskapar og kan bruke dei. Utdanningsdirektoratet gjekk til slutt med på ein slik todelt eksamen i realfaga.

Paulsen fortel at ho over heile landet møter lektorar som ønskjer denne todelte modellen i alle fag, ikkje minst i språkfaga.

– Dei spør meg kvifor Utdanningsdirektoratet har slik uvilje mot eksamensformer utan fri bruk av hjelpemiddel. Når elevane skal ta høgare utdanning, må dei jo ofte ta eksamen med få eller ingen hjelpemiddel.

Treng hjelpemiddel
Da må vi òg spørje Utdannings­direktoratet, representert ved avdelingsdirektør Siv Hilde Lindstrøm i avdeling for vurdering. Ho viser til læreplanane, som definerer kva kompetanse elevane skal tileigne seg i skulen.

– Eksamensoppgåvene må difor etterspørje kompetanse og anvend kunnskap, ikkje berre attgjeving av fakta. I møte med ei kompleks utfordring kan det ofte vere både relevant og naudsynt å bruke hjelpemiddel. Mange læreplanar har òg spesifikke mål som seier at elevane skal bruke hjelpemiddel og kjelder, seier Lindstrøm.

– Men mange lærarar – og Lektorlaget – har i mange år vore sterkt kritiske til hjelpemiddelbruken. Dei meiner elevane ikkje tileignar seg nok kunnskap til å drøfte kompliserte spørsmål skikkeleg.

– Det er vel kjent at det er ulike synspunkt på eksamensforma. Evalueringane våre og tilbakemeldingane vi får, gjev ikkje noko eintydig bilete. Det er ikkje eit fleirtal av lærarane som er negative, tvert imot, seier Lindstrøm.

– Det er ei breitt spekter av synspunkt, og somme meiner at elevane òg bør ha tilgang til internett under eksamen. Generelt er tilbakemeldingane positive. Elevane får høve til å vise kompetansen sin i faget – i tråd med læreplanen.

Les òg: Få klisterhjerne til eksamen

Mange gode svar
– Kva med kritikken om at elevane lærer seg å klippe og lime, utan tilstrekkeleg kritisk vurdering av kjeldene?

– Det er eit tema vi er svært opptekne av, og noko ein må ivareta i opplæringa. Vi har stadig dette som tema i sensorskoleringa vår. Men det er ikkje slik at alle elevar berre klipper og limer. Du får ikkje nokon god karakter på det viset. Mange elevar svarar svært godt på oppgåvene, seier Lindstrøm.

– Om eksamensforma ikkje premierer grunnleggjande kunnskap hos elevane i særleg grad, pregar vel det læringa i resten av skuleåret. Er ikkje dette uheldig?

– Vi har ingen dokumentasjon som underbyggjer den påstanden. Somme land har framleis eksamenar med berre penn og papir og spørsmål av typen «Kva år vart Bjørnson fødd?». Men det er ikkje ei eksamensform som gjev eleven høve til å vise kompetanse. Vi må ha eit breitt spekter av evalueringsmåtar. Eksamen på slutten av opplæringa er berre éin av dei.

– Men ein elev treng vel gode basiskunnskapar for å kunne drøfte kompliserte spørsmål på ein sjølvstendig, fornuftig måte?

– Sjølvsagt, og slik kunnskap skal elevane få gjennom opplæringa. Vi seier ikkje at basiskunnskap ikkje er viktig. Men eksamensoppgåvene skal vise kompetansen til eleven i faget, seier Siv Hilde Lindstrøm i Utdannings­direktoratet.

Les saka i Dag og Tid!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE