Lønsveksten i Noreg har vore på 38,6 prosent det siste tiåret, medan studiestøtta har auka med 13,5 prosent.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Det betyr at studentane mister kjøpekraft, særleg på bustadmarknaden. Leigeprisane i Oslo auka med 8,2 prosent i fjor, seier nestleiar Anne Marit Ringvold i Norsk studentorganisasjon (NSO) til Aftenposten.

40 prosent av norske studentar oppgav i fjor at dei fekk hjelp av foreldre til å dekkje basisutgifter, og 60 prosent jobba ved sida av studiane.

Heiltidsstudentar får i år 90.800 kroner i basisstøtte frå Lånekassen og av dette blir gjort om 40 prosent til stipend om ein består eksamen og bur vekke.

NSO meiner basisstøtta burde ha vore på 119.000 kroner og bli oppjustert årleg i takt med lønnsveksten.

– Det bør ikkje vere ein føresetnad for å studere at ein kan få hjelp heimanfrå, seier Ringvold. (©NPK)

Les òg: Aukar ikkje studiestøtta

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE