Oslo-elevar etterlyser betre grunngjevingar for kvifor dei bør læra nynorsk.

mm

– Det blei som å byrja på scratch, seier Oda Valvatne Ording.

Frå før hadde medieelevane ved VG3 på Elvebakken videregående berre hatt to år med sidemål frå ungdomsskulen.

Torsdag fekk elevane besøk av Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og Janne Nygård, påtroppande nestleiar i Noregs Mållag.

– Eg trur det er dumt at ein blir introdusert for nynorsk så seint, seier Halvor Solhjem Njerve.

Håvard Øvregård seier at ein veit frå forsking at evna til å læra språk er større tidlegare i skulen.

– Byrjar ein med nynorsk berre eitt år tidlegare, får ein mykje meir positive haldningar, seier han.

Avgangselevane har dette året hatt ti timar i veka med norsk, og har jobba mykje med sidemålet sitt.

– Eg trur at om ein samanliknar første veke og siste veke i prosjektet vil ein sjå ei heilt klar forbetring i nynorskkunnskapane, fordi me har jobba konsentrert og fått tett oppfølging, seier Halvor Solhjem Njerve.

LES OGSÅ: – Byrjar med sidemålet for seint

Kvifor nynorsk?
Øvregård spurde elevane om kva dei meinte om at alle skal lære å skriva nynorsk. Nokre nemner språkstriden.

– Om ingen skriv nynorsk, vert det ingenting å lesa, kjem det kjapt frå Adrian Arnason.

– Men om me alle skal læra å skriva det, må me i alle fall få vite kvifor, skyt Emilie Bjoland inn.

– I dag får me berre til svar at det er fordi det står i pensum.

LES OGSÅ: Kvardagshistorier frå elevdjupet

– Er det nokre av dykk som ville ha valt sidemål om det hadde vore valfritt? spør leiar Håvard Øvregård.

Berre nokre få elevar rekkjer opp handa.

Pia Bjerkmann er ei av dei.

– Eg synest det er viktig at ein likar det, og eg trur eg hadde valt det frivillig, seier ho.

– Eg har byrja å lika nynorsk etter å ha lese mykje omsett litteratur. Eg likar betre dei nynorske omsetjingane av til dømes fransk litteratur.

– Som Anna Gavalda?

– Ja, blant anna.

Ho meiner det må gjerast meir for å få fleire bokmålselevar motiverte til å læra nynorsk. Halvor Solhjem Njerve seier han skjønar at det er viktig å ta vare på nynorsken. Han meiner kulturargumentet er det viktigaste for nynorsken, og før støtte av Oda Valvatne Ording og Pia Bjerkmann.

LES OGSÅ: Betre i matte med nynorsk?

Åtvarar mot å fjerna karakteren
– Det er livsfarleg å fjerna karakteren i sidemål. Då blir det mindre fokus på det, seier Line Ellingsen, norsklærar ved Elvebakken videregående skole i Oslo.

Ho trur det kan liggja vikarierande motiv bak når fleire lærarar ønskjer sidemålet vekk.

– Eg er også heilt einig i at me har alt for mykje å gjera. Men dette handlar ikkje om at rettebunken skal bli mindre.

Ellingsen meiner det handlar om innstillinga til både lærarar og elevar.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE