Ber Halvorsen rydda opp
Mållaget krev at kunnskapsministeren tek grep etter skandaletal frå Hordaland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem på landsmøtet i Noregs Mållag fyrstkomande fredag. Ho vil møta eit Noregs Mållag med klare utfordringar til ministeren.
Kunnskapsministeren har tidlegare sagt seg uroa for vilkåra nynorskelevane har, mellom anna på bakgrunn av rapportar om at elevane i stort monn forlèt nynorsken.
Som Framtida.no skreiv fredag sist veke blir alle elevar automatisk registrerte som bokmålselevar i Hordaland, med mindre dei aktivt endrar dette sjølve. Dagens system fører til dømes til at fylkeskommunen har registrert 10 prosent nynorskelevar frå Stord kommune medan Stord vidaregåande skule melder at 90 prosent av avgangselevane har nynorsk som hovudmål.
Les også: – Skandale av Hordaland
– At nynorskelevane blir registrerte med rett målform, er ei grunnleggjande forsikring om at dei blir behandla som nynorskbrukarar i skulen. Vi forventar at kunnskapsministeren ryddar opp og vonar ho vil avklara dette alt på vårt landsmøte på fredag. For kunnskapsministeren bør det vera viktigare å sikra rettane til nynorskelevane enn å gjera det lett for statistikarane, seier Øvregård.