– Skandale av Hordaland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langt fleire enn berre ni prosent av elevane som går på første trinn på vidaregåande i Hordaland har nynorsk som hovudmål. Fleire reagerer no på at Hordaland fylkeskommune har gått ut med feil tal på nynorskelevar. Bokmålsbomba blei slått opp i Bergens Tidende torsdag, og er referert fleire stader. Fredag kunne Framtida.no fortelja at tala er heilt feil.

LES SAKA: Åtvarar mot feil nynorsktal

Fire av dei største nynorske skulane i Hordaland fortalte at tala er heilt feil for skulane deira. Truleg gjeld dette andre delar av fylket også.

For Stord vidaregåande, med kring 1000 elevar, er det ikkje ti prosent elevar som har nynorsk. Det rette talet er kring 90 prosent.

– Det er ein skandale at Hordaland fylkeskommunen spreier slike feil tal, seier Hege Myklebust, tidlegare leiar av Noregs Mållag og no norsklektor ved Høgskolen Stord/Haugesund.

– Fylkesadministrasjonen skaper her eit bilete som er heilt feil. Ein veit at det skjer målbyte, men ikkje i eit så stort omfang, seier Myklebust.

38 prosent av elevane som gjekk ut frå 10. klasse i Hordaland sist sommar hadde nynorsk som hovudmål.

– Mangel på språkleg medvit
Ifølgje fleire skular som Framtida.no har snakka med, kjem det oppsiktsvekkjande høge talet på målbyte av at elevar som ikkje aktivt har kryssa av for målform, automatisk blir oppført som bokmålselevar.

Leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård reagerer slik på dette:

– Det er total mangel på språkleg medvit, og i strid med vedtatt norsk språkpolitikk, når eit manglande språkval automatisk vert ført som bokmål. 

– Hordaland kommune har gjennom sine misvisande tal på nynorskelevar vist at dei er på eit lågmål i kunnskap om eigne elevar sine val av hovudmål. Dette tyder at dei ikkje har reflektert rundt dette, og dei har truleg ikkje gjort noko i det heile for å motverke målbyte frå nynorsk til bokmål.

– Det er eit hovudmål for norskopplæringa at elevane skal få språkleg sjølvtillit. Hordaland fylkeskommune, som skuleeigar, verkar å feile på dette punktet, og det gjeld diverre mange kommunar også, seier han.

LES OGSÅ: Vil ha vekk skole i skulebøkene

– Treng forsking
Opplæringsdirektør i Hordaland, Svein Heggheim, vil ikkje kommentera kritikken frå Øvregård og Myklebust. Han seier at tala blei levert etter politisk bestilling, og at han i møtet understreka at tala gav eit veldig grovt bilete av situasjonen.

– Eg åtvara mot at ei spørjeundersøking på skulane vil kunne gje noko svar. Det er behov for forsking for å kunne seia noko meir om målbyte, både når det gjeld omfang og mekanismane bak.

Han vedgår at tala truleg ville vore annleis om elevar ikkje automatisk blei rekna som bokmålselevar, viss dei ikkje aktivt valde nynorsk.

– Vigo som har ansvaret for dette systemet burde sjå på høvet for å ta med seg data frå grunnskulen, seier han.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

– Kan ikkje leva med slike tal
Det var Dan Femoen (H) som etterlyste tala frå Hordaland fylkeskommune.

– Det er klart at ein ikkje kan leva med slike usikre tal, seier nestleiaren i Opplærings- og helseutvalet.

Han vil ikkje kritisera administrasjonen for å ha kome med misvisande tal.

– Kva tenkjer du om at elevar med nynorsk som hovudmål som ikkje aktivt vel målform, automatisk blir oppført med bokmål som hovudmål?

– Det er jo ikkje noko god ordning. Dette må vera eit obligatorisk val når ein søkjer på vidaregåande. Og viss ein skiftar hovudmål, kan ein gjerne få eit spørsmål om kvifor ein gjer dette, seier Femoen.