Kontroversiell kompetanse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det norske rettsvesenet har i over 150 år praktisert straffefritak for psykotiske gjerningsmenn. Minst like gammal er debatten om kven som skal kjennast utilreknelege og, ikkje minst, om kven som skal kunne erklære folk utilreknelege.

I 1848 fekk Noreg ei eiga lov om korleis forbrytarar med psykiske lidingar skal handsamast. Domstolane skulle få råd av spesialistar om i kva grad tiltalte var «sinnssjuk» i gjerningsaugneblinken. Dersom retten kom fram til at han var det, vart han friteke straff. Men debatten rasa: Kva vil det seie å vere sinnssjuk? Var lovbrotet eit direkte resultat av sinnssjukdomen? Korleis skal psykiatarane kunne ta stilling til spørsmål om tilreknelegheit?

Det storma ikring rettspsykiatrien. No er uvêret attende.

Ingen spesialisering blir kravd
I Noreg, i motsetnad til fleire andre land, finst det inga formell spesialisering i rettspsykiatri. Det vil seie at dei sakkyndige i norske rettssaker anten er to psykiatarar, eller éin psykiater og éin spesialist i klinisk psykologi.

– I strid med mange si oppfatning finst det inga lege- eller psykologspesialitet som heitar «rettspsykiatar». Dette er berre ein mellombels tittel psykiatrar og psykologar brukar under oppdrag for rettsvesenet, forklarar Pål Hartvig, psykiater og seniorforsker ved Kompetansesenteret på Gaustad.

Man kan altså som psykiater eller psykolog, utan nokre spesialisering i rettspsykiatri, påta seg oppdrag frå domstolane – learning by doing. Det er vanleg at ferskingene sluttar seg til meir erfarne rettspsykiatarar, men eksperten og nybyrjaren er formelt sett likestilte i ein slik konstellasjon.

Frivillig fordjuping
Den obligatorisk opplæringa til rettspsykiatri er likevel innbakt i lege- og psykiatriutdannelsen. I seks–åtte forelesingstimar blir undervist studentane om det å vere sakkyndig i rettsvesenet.

– Studentane lærer noko om korleis domstolane fungerer og om kva for ein plass dei sakkyndige har i desse. Studentane får òg kjennskap til dei sidene av psykose som kan føre til økt voldstendens, seier Hartvig.

Kompetansen hans skriv seg frå ei lang karriere som psykiater, rettspsykiater og forskar.

Psykiatarar kan òg fordjupe seg på eige initiativ. Kompetansesentra for rettspsykiatri m.m i Oslo, Bergen og Trondheim tilbyr spisskompetansekurs i rettspsykiatri. Arrangørane til kurset uttrykkjer på sine nettsider eit ynskje om at domstolane etter kvart vil prioritere sakkyndige som har gjennomgått ein slik fordjuping.

Hartvig er positiv til opplæringstilbodet.

– Tilleggsutdanninga i rettspsykiatri har kome til eit høgt nivå, trass i at ho ikkje er formalisert.

«Rådgjevarar»
Psykiatarar blir altså rettspsykiatarar når dei rører seg inn i domenet til jussen. Men kva har dei der å gjere? Hartvig freistar å definere samfunnsoppgåva til dei sakkyndige i generelle termar.

– Rettspsykiatrien er bistanden til psykiatrien til rettsvesenet for å identifisere sinnstilstandar hos ein lovbryter som kan vere viktig for ei mogleg straffeforfølging, seier han.

Han forklarar vidare at den moderne rettspsykiatrien spring ut av straffelovens § 44, som seier: «Han som på handlingstida var psykotisk eller medvitslaus blir ikkje straffa. Det same gjeld han som på handlingstida var psykisk utviklingshemma i høg grad».

På oppdrag frå domstolen utfører dei sakkyndige ein såkalla judisiell observasjon, betre kjent som rettspsykiatrisk undersøking. Målet med undersøkinga er som regel å fastslå i kva grad det tiltalte var psykotisk i gjerningsaugneblinken. Konklusjonen deira skal i prinsippet berre tene som ei rettleiing for domstolen. Dei avgjer altså ikkje i tilreknelegheitsspørsmålet.

– Retten kan avvike frå rettspsykiaternes konklusjon. Formelt sett fungerer rettspsykiatarane som rådgjevarane til domstolen, seier Hartvig.

Han vedgår likevel at dei sakkyndige har betydeleg autoritet i norsk rettsvesen.

– Statistisk sett er det ingen tvil om at retten som regel følgjer det dei sakkyndige oppmodar om.

Les òg: – Til kamp mot ekspertveldet

Psykose er viktig
Det har aldri vore noko sjølvsagt at psykose skal gje straffefritak. I 1874 var det ei straffesak mot Anton Mathiesen. Under eit opphald på ein tvangsarbeidsanstalt hadde han, tilsynelatande uprovosert, drepe ein tilsynsmann med øks. På grunn av dei merkelege omstenda ikring drapet, engasjerte retten ein sakkyndig til å vurdere om  Mathiesen var tilrekneleg. Den sakkyndige, ein lege, kom fram til at tiltalte var «sindssyg». Retten var likevel usikker på konklusjonen og engasjerte ein annan lege, og dessutan eit kobbel med professorar ved det medisinske fakultetet.

Den mest merkverdige innvendinga kom frå ein av professorane, professor Boeck. Han problematiserte samanhengen mellom sinnssjukdomen og handlinga. Drap Mathiesen fordi han var sinnsjuk?

Boeck set ljos på eit viktig prinsipp i norsk rettspsykiatri. I Noreg treng nemleg ikkje retten å syne direkte samanheng mellom psykosen og lovbrotet. På same måte som ein 14-åring er det, er ein psykotisk gjerningsmann alltid friteke straff. Dette blir gjerne kalla det biologiske prinsippet.

Det er vorte diskutert i kva grad norsk rettsvesen heller burde gå over til det psykologiske prinsippet, der psykosen må ha direkte samanheng med gjerninga for at tiltalte skal kjennast utilrekneleg. Motstandarane av ei slik endring meiner det biologiske prinsippet gjev dei feila det er lettast å leve med.

Les òg: Ville vore tilrekneleg i Sverige

Ei skjønnssak
Med stor makt kjem stort ansvar. I desse dagane blir dei sakkyndige kritisert for å kutte svingar når dei legg fram konklusjonane sine som sikre. Òg aktoratet blir gjeve skulda for å vere for lite kritiske til rettspsykiatrien. Kor trygge kan vi eigentleg vere på det rettspsykiatarane serverer domstolane? Hartvig har forsona seg med utryggleiken.

– Å seie i kva grad ein psykose er sterk nok til å medføre utilreknelegheit, er ei skjønnssak. Vi vil aldri få nokon biologisk eller psykologisk test som ein gong for alle kan avgjere om gjerningsmannen var psykotisk nok til å bli kjent utilrekneleg.

Det er nettopp denne utryggleiken som spelar hovudrolla i dagens psykiatridebatt. To sett sakkyndige har kome til stikk motsette konklusjonar om tilreknelegheit i terrorsaka. Rettspsykiatrien er inne i ei legitimitetskrise, meiner nokre.

– Viss dét skal vere nok til å sende rettspsykiatrien ut i krise, kva då med rettsvesenet forresten? Der ser ein jo stadig at to instansar kjem til heilt ulike konklusjonar i same sak, parerer Hartvig.

– Det er klart at rettspsykiatrien i Noreg kan bli betre. Det er likevel viktig å få sagt at skjønn er og blir vesentleg, ikkje berre i psykiatrien, men òg i jussen og i veldig mykje anna verksemd.

Les òg: Ikkje psykotisk

Kjelder: Tidsskrift for Den norske legeforening og samtalar med psykiater Pål Hartvig.

LES SAKA I UNIVERSITAS!