Brei dugnad for fleire læreplassar

Talet på godkjende lærekontrakter skal auke med 20 prosent fram til 2015, lovar Kunnskapsdepartementet.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved utgangen av 2011 var det registrert vel 15 000 godkjende kontraktar, 3000 færre enn det som trengst i 2015.  Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kallar den nye kontrakta som Kunnskapsdepartementet har skrive under saman med arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane for å skaffe plass til fleire lærlingar for historisk:

– For fyrste gong stiller alle dei store organisasjonane i arbeidslivet seg bak ei ambisiøs målsetting for fleire læreplassar. Både arbeidsgjevarar, fagorganisasjonar, staten og fylkeskommunane forpliktar seg for å nå 20-prosentsmålet og har ein viktig jobb å gjere på sine ansvarsområde.  

Alle partane bak samfunnskontrakta lovar å samarbeide tett og vil ha årlege gjennomgang for å trygge at talet på lærekontrakter utviklar seg i tråd med måla. Dette inneber systematisk erfaringsutveksling, vurderingar av kva for tiltak som verkar best, og igangsetjing av nye tiltak når det er naudsynt.

Eige kart
Partane er òg einige om å etablere eit eige kart over Noreg der utviklinga i talet på læreplassar kan målast i alle fylke og kommunar. Dette er same verkemiddel som tidlegare vart nytta for å måle og følgje opp utviklinga mot full barnehagedekking i alle kommunar.

Kunnskapsministeren syner til at Noreg treng langt fleire fagarbeidarar om 15-20 år enn dei vi utdannar i dag:

– Utan fleire dyktige fagarbeidarar stoppar Noreg. Vi må difor styrkje fag – og yrkesopplæringa på mange måtar, men fleire lærekontrakter ute på bedrifter ikring i heile landet er eit heilt avgjerande verkemiddel. Dette må finne stad både i private bedrifter og i stat og kommune. Difor er samfunnskontrakta som partane har skrevet under i dag så viktig, seier Kristin Halvorsen.

I tillegg til Kunnskapsdepartementet er òg Fornyings – og administrasjonsdepartementet, som har ansvar for statlege arbeidsplassar, ein av underskrivarane. I tillegg har følgjande organisasjonar skreve under: LO, NHO, KS, YS, Unio, Virke, Spekter og Maskinentreprenørenes forbund.

Les òg: Vel studium som ikkje gjev jobb

Les òg: – Eg såg at mange hadde det kjipt