114.000 barn hoppar for hjarta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

58 prosent av alle norske barneskuler deltar i «Hopp for hjertet» 16. – 27. april.  Kunnskapsminister Kristin Halvorsen opna konkurransen framfor Stortinget i Oslo i dag. Målet med «Hopp for hjerta» er å visa at fysisk aktivitet kan vera både morosamt og bra for helsa.
 
I Hordaland er 12.000 elever ved 172 skoler med i konkurransen. Blant desse er Enge skule i Etne og Skånevik skule.
 
I Vindafjord deltar elevar ved skulane i Imsland, Skjold, Vikedal og Ølen. Totalt 11.000 elevar ved 120 skuler i Rogaland er med i konkurransen.
 
– Det er kjempefint at over halvparten av norske barneskuler er med på årets Hopp for hjarta, seier Lisbet Rugtvedt, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Les òg: No skal innsats telje i gym
 
Sjuande året
Hoppetaukonkurransen blir i år arrangert for sjuande gang. Den starta med 40.000 skulebarn og deltakartalet er dermed nesten tredobla på desse åra. Det er elevar frå 4. til 7. trinn som deltar i konkurransen, og den klassen som brukar mest tid på å hoppa tau i løpet av skuledagen vinn.

Les òg: Vil ha gym kvar dag


 

Faktaboks

Fakta om fysisk aktivitet og hjertehelse:
* Fire av fem overvektige 8-åringar blir overvektige som vaksne
* Færre 9-åringar er i fysisk aktivitet i dag enn for seks år sidan
* Kvart tredje dødsfall i Noreg skuldast hjerte- og karsjukdom
* Verdens helseorganisasjon (WHO) reknar med at fire av fem hjerteinfarkt kan førebyggast med meir fysisk aktivitet, sunnare kosthald og røykeslutt
* Litt fysisk aktivitet kvar dag er nok til å få gode forbetringar hos barn på fleire risikofaktorar for hjerte- og karsjukdom.