Vil samla alle norskstilar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart sett på dagsorden på landsmøtet i Norsk Målungdom før påske.

Landsmøtet vedtok ei fråsegn som bed om at utdanningsstyresmaktene etablerer eit korpus – ei tekstsamling – av årets avgangsprøvar i norsk.

Sture meiner eit slikt korpus vil gje fleire fordelar.

– Med eit norsk elevkorpus kan me få eit veldig nøyaktig bilete av kor godt norske elevar skriv både hovud- og sidemålet sitt. Dette vil også kunne vera verdifull kunnskap i arbeidet med å laga nye læreplanar i norskfaget, og i arbeidet med å kartleggja og motverka målbytet frå nynorsk til bokmål, argumenterer Sture, som påpeiker at ein på denne måten vil kunna få mykje igjen for relativt smålåten innsats:

Les òg: Ønskjer seg Wordfeud på nynorsk

– Tidlegare, då eksamen som regel vart avlagt på papir, ville det vore veldig krevjande å laga eit tekstkorpus av avgangsprøvane i norsk. Men etter kvart som eksamen i større og større grad har føregått på data, har dette vorte ei mykje mindre arbeidskrevjande moglegheit, forklarer Sture, som ser fleire fordelar med ei slik tekstsamling. Han er også oppteken av at ei samling av avgangsprøvane kan gjerast utan å stri med personvern eller opphavsrett.

– I eit elektronisk korpus av denne typen, må alle persondata anonymiserast fullstendig. Tilgangen til korpuset kan også avgrensast til akkrediterte forskarar. Eventuelle opphavsrettsspørsmål kan enkelt løysast ved å gje elevane høve til å reservera seg i forkant av eksamen, avsluttar Sture.

Les òg: Sidemålet kjem inn for seint