Verv viktigare enn karakterar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein person med veldig gode karakterar, men ingen verv, vil generalt stille svakare i eit jobbintervju enn ein person med middels karakterar og reletante verv i studietida, seier Anne Grete Schiøtz, direktør for menneskelege ressursar (HR) i Visma til avisa.

Ho presiserer at Visma likevel vurderer jobbsøkjarar ut frå fleire kriterium.

– Alt er sjølvsagt ei heiltskapsvurdering. Vi ser både på karakterar, utanlandsopphald, jobberfaring og personlege eigenskapar i tillegg til verv, forklarar ho.

Schiøtz får ståtte frå konserndirektør i BKK, Jostein Søfteland.

– Eit verv frå studietida kan vere avgjerande når du søkjer jobb. Verv viser at du kan ta ansvar, at du kan samarbeide og er engasajert, seier han.

Vidare presiserer Søfteland at totatliteten er viktig.

– Ein må sjølvsagt passe inn i jobben. På eit intervju handlar mykje om å skilje seg ut, og «selje seg sjølv» på best mobleg måte, meiner Søfteland. (©NPK)