Du blir ikkje det du et

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei to doktorgradstudentane Maj-Britt Schmidt Andersen og Sanne Kellebjerg Poulsen frå Københavns Universitet har gjennomført ein stor studie av 147 danskar som gjennom eit halvt år anten har ete klassisk dansk gjennomsnittsmat eller levd på ein kost av ny nordisk mat med meir frukt og grønt og mindre kjøt.

Resultatet har ho skrive om på bloggen sin: «Du bliver IKKE hvad du spiser»: Det er svært vanskeleg å spå kva kosthaldet vil gjere med kolestorolnivået, blodsukkernivået, fettprosent og andre ting dei har teke føre seg i undersøkinga.

– Det er ikkje lett å skilje effektane av eit skifte av kosthald. Vi hadde håpa å finne nokre meir klare samanhengar, men det var ikkje noe tydeleg bilete, seier Schmidt Andersen til videnskab.dk.

Ikkje meiningslause råd
Det høyrer med til historia at sjølv om ein ikkje kan skilje enkelt på einskilde individ, har ny nordisk kvardagsmat gjennomsnittleg sett ei positiv effekt på ei stor gruppe: Etter tolv veker gjekk personane med dette kosthaldet ned 1,5 kg meir enn den andre gruppa.

– Et heile folket grovbrød, vil det endre folkehelsa, seier Schmidt Andersen.

Det ser ut til at eit kosthald med mindre kjøt og meir grønt generelt får folk til å gå ned i vekt. Forskarane veit enno ikkje kvifor nokon får ei fantastisk effekt av dette medan andre ikkje blir påverka i det heile.

Les òg: Vi stappar ikkje i oss sterk mat

Kosthaldet følgjer deg i mange år
Det er vanskelegare å sjå eit klart bilete av kva mat som påverkar kva menneske.

Årsaka ligg sannsynlegvis i eit komplekst samspel mellom gener og kosten vi har basert oss på tidlegare i livet. Vi kan ikkje rekne med at kroppen startar på ny den augeblinken vi startar å ete annleis.

Ifølgje Maj-Britt Schmidt Andersen har vi heile tida det tidlegare kosthaldet og levemåten med oss. Det tek for eksempel tid for stoffskiftet ditt å omstille seg frå 20 år med burgarar. Det tek lang tid å endre tarmfloraen vår, og meir og meir forsking peikar på at denne er heilt sentral for helsa vår.

– Det er få døme på klar kunnskap om enkeltgenar som bestemmer korleis vi handsamar maten. Til døme er det skilnad på kor raskt vi omset kaffi i kroppen og kor mye nytte vi har av å ete brokkoli, forklarar Andersen.

Les òg: Samling for den sakte maten