Skule og klima mindre viktig
Dette er dei største utfordringane i Noreg, ifølgje veljarane.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Køane i helsevesenet er den største utfordringa i Noreg.
I alle fall om ein skal tru dei spurte i TNS Gallup sitt Klimabarometer for 2011. To år tidlegare vare skule og utdanning den viktigaste utfordringa for Noreg. No er skule og utdanning på ein femteplass, ifølgje tal frå tv2.no.
I 2009 blei klimaendringar sett på som den fjerde største utfordringa. Blant ungdom er klimaendringar no sett på som den 11. største utfordringa. Blant andre aldersgrupper er klima på ein 6. og 7. plass.
LES OGSÅ: Ikkje oppteken av klimaendringar
Aukande vald og kriminalitet, utbygging av veg og jernbane og innvandring og integrering er på 2. til 4. plass av dei viktigaste utfordringane for Noreg.
	Media set dagsorden
	– Veljarane blir i stor grad farga av kva som er på dagsorden. Gjennom media blir folk merksame på problem. I opptakten til stortingsvalet 2009 var skule og utdanning i fokus, at det har falt til femteplass no, betyr ikkje at det er gløymt, men at andre problemstillingar trengjer seg fram, seier professor og valforskar Bernt Aardal til tv2.no.
Medan norske media nemnde klimaendringar i nesten 5000 artiklar andre halvår i 2009, var dekninga redusert til det halve to år seinare, ifølgje undersøkinga.
LES OGSÅ: Klimautsleppa rett til vêrs
Dette svara dei ulike partia sine veljarar om kva som er dei tre viktigste utfordringane Noreg står overfor:
	Arbeidarpartiet
	Køane i helsevesenet
	Aukande vald og kriminalitet
	Utbygging av vegar og banar
	Framstegspartiet
	Innvandring og integrering
	Aukande vald og kriminalitet
	Utbygging av vegar og banar
	Høgre
	Utbygging av vegar og banar
	Køane i helsevesenet
	Økende vold og kriminalitet
	Sosialistisk Venstreparti
	Satsing på skule og utdanning
	Klimaendringar
	Fattigdom og urett
	Senterpartiet
	Utbygging av vegar og banar
	Køane i helsevesenet
	Aukande vald og kriminalitet
	Kristeleg Folkeparti
	Satsing på skule og utdanning
	Aukande vold og kriminalitet
	Køane i helsevesenet
	Venstre
	Satsing på skule og utdanning
	Utbygging av vegar og banar
	Aukande vald og kriminalitet
	Kva meiner du er dei største utfordringane i Noreg?
	






