Vebjørn Sture (24) frå Stavanger er ny leiar i Norsk Målungdom.

mm

 

Sture blei vald ved akklamasjon på organisasjonen sitt landsmøte på Voss sundag, og framhevar norskfaget og organisasjonsvekst som sine viktigaste hjartesaker for året som kjem.

– Det neste året blir eit norskfagsmaraton fram mot læreplanrevisjonane våren 2013. Vårt oppdrag er å sørgje for at norskfaget skal bli eit fag som gjer elevane skriveføre i både bokmål og nynorsk, uansett kva dei har som hovudmål. Det er diverre ikkje alltid tilfellet i dag, forklarer Sture.

– Kan vere både enkelt og gøy
– Særleg bokmålselevar får sjeldan ein reell sjanse til å lære seg nynorsk skikkeleg på skulen. Sidemålet kjem inn altfor seint, og det blir ofte redusert til sprengpugging av grammatikk før tentamen og eksamen. Det er ingen som lærer skikkeleg på den måten, seier Sture, som meiner tidlegare oppstart er éi av løysingane.

– Vi må la elevane byrje å lære sidemål tidlegare, medan språklæringsevna framleis er på topp. Vi må også la elevane bli eksponerte for begge skriftspråka, slik at dei lettare kan lære begge. Nynorskelevar ser og høyrer så mykje bokmål rundt seg at dei lærer det «gratis». Dette kan vi også oppnå for bokmålselevar, ved å la dei ha nynorsk som bruksspråk i eit anna fag enn norsk. Slike tiltak har vist gode resultat ved fleire forsøksskular rundt om i landet, påpeiker den nyvalde målungdomsleiaren.

– Som tidlegare bokmålselev veit eg at nynorsk kan opplevast som både keisamt og vanskeleg. Samstundes har eg som nynorskkonvertitt også erfart at nynorsk kan vere både enkelt og morosamt å lære seg. No er det på høg tid å gjere norskfaget så solid at det blir enkelt og morosamt å lære nynorsk for bokmålselevar flest, seier Sture.

Skal vekse
Det er ikkje berre norskfaget som opptek den nye leiaren. Målungdommen har opplevd bra tilstrøyming av nye medlemer dei siste vekene, og Vebjørn Sture er fullt innstilt på at det skal halde fram.

– I året som kjem skal vi byggje ein endå større og sterkare organisasjon. Året har allereie starta bra med mange nye medlemer og fleire nye lokallag, men vi kan ikkje slå oss til ro med det. Fleire medlemer, fleire aktivistar og fleire lokallag er den enklaste oppskrifta på korleis vi skal få gjennomslag for å styrkje og fornye norskfaget generelt og sidemålsopplæringa spesielt, seier den optimistiske nynorskforkjemparen, som også er glad for å ha fått eit nytt målpolitisk grunnlag.

– På landsmøtet i helga har vi vedteke eit heilt nytt målpolitisk grunnlagsdokument. I ungdomsorganisasjonar er det særleg viktig å skrive grunnlaget sitt på nytt ein gong i blant, fordi det stadig kjem nye generasjonar målungdommar, som kanskje har litt andre tankar og syn på saker og ting enn kva forgjengarane hadde. Med den nye tufta vår har eg stor tru på at vi har fått eit solid fundament for gå framtida i møte, seier Sture i ei pressemelding. 

Lang erfaring
Vebjørn Sture har svært lang erfaring frå Målungdommen. Han blei lokallagsleiar i Stavanger allereie i 2004, og gjekk inn i landsstyret året etter. Dei siste fem åra har han fylt ulike roller i sentralleddet – mellom anna to år som økonomiansvarleg, og eitt år som nestleiar. 

Sture har sjølv vakse opp med bokmål som hovudmål. Han bytte til nynorsk som hovudmål i 2. klasse på vidaregåande, då han gjekk snikkarlina på Godalen vidaregåande skule i Stavanger. Sture har såleis også ein noko uvanleg yrkesbakgrunn til organisasjonsleiar å vere.  

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

Kommentarar

ANNONSE