Kristin Halvorsen vil leggja til rette for elevar som vart råka av 22. juli-terroren.

NPK-NTB-Per-Helge Berg
NPK-NTB-Per-Helge Berg

Når eksamen i den vidaregåande skulen startar, vil terrorrettssaka gå for fullt. Det blir svært krevjande for terrorberørte elevar, men regelverket har mange opningar for tilrettelegging, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

– Det er ikkje nødvendig å endre regelverket for at elevar i den vidaregåande skulen skal få den nødvendige tilrettelegginga, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV). Ho oppfordrar både lærarar og skular til å strekkje seg langt for å leggje til rette for terrorberørte elevar.

Mange ungdommar har slite med å fungere i kvardagen etter terrorhandlingane 22. juli. Eksamen i den vidaregåande skulen startar i mai, medan rettssaka mot Breivik startar 16. april og er planlagt å gå i ti veker.

Kunnskapsdepartementet har no gått gjennom regelverket for elevar i vidaregåande, og meiner det ikkje er behov for å endre noko.

– Reglane er fleksible
– Vi har gått gjennom regelverket for å sjå om det gjev den nødvendige fleksibiliteten. Det er mange mulegheiter innanfor reglane til å møte behova til elevane. Vi har difor kome til at vi ikkje vil foreslå endringar i regelverket og gje ei generell opning for å vere borte frå skule og eksamen i samband med rettssaka, fordi det lett vil bli oppfatta som ei oppfordring til dei berørte om å følgje rettssaka tett, seier Kristin Halvorsen.

Fleire av dei berørte elvevane har slite med etterverknader som søvnmangel, konsentrasjonsproblem, angst og høgt fråvær på skulen. Nokre har heller ikkje klart å gjennomføre vidaregåande som planlagt. Når rettssaka startar midt i eksamenstida, vil trykket frå media føre til sterke påkjenningar for berørte elevar. Nokre kan også bli kalla inn som vitne.

– Det er muleg til å få utsett eksamen dersom ein er kalla inn som vitne, eller dersom ein har legeerklæring på at ein er sjuk og ikkje i stand til å møte opp. Utover dette ber vi skulane strekkje seg for å finne løysingar lokalt slik at elevane får dei nødvendige tilpassingane som gjer at dei klarer å fullføre skulegangen og eksamen, seier Halvorsen.

Fått beskjed
Departementet oppfordra i haust alle skular til å strekkje seg langt for å få eit vurderingsgrunnlag.

– Lærarane må ha eit godt nok grunnlag dersom dei skal kunne gje ei fagleg vurdering av elevane. Elevar kan altså få sluttvurdering sjølv om dei har for stort fråvær. Eg oppfordra i haust lærarane til å strekkje seg langt for å få eit vurderingsgrunnlag for desse elevane, som er i ein heilt spesiell situasjon, understrekar kunnskapsministeren.

Reglane inneber blant anna at elevar som er sjuke, eller som har vitneplikt på eksamensdagen, har – både etter forskrifta til opplæringslova og forskrifta til privatskulelova – rett til å få utsett eksamen.

Ein elev som får 1 i standpunktkarakter, har rett til særskilt eksamen dersom vedkomande ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Ein elev som får 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen ved den første etterfølgjande eksamenen. (©NTB)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE