Nynorskbruken ved NTNU skal ifølgje lova liggje på 25 prosent, men nynorskbruken var nede på 3 prosent i fjor. Språkrådet meiner NTNU må skjerpe seg.

Lena Gravdal/Under Dusken
Lena Gravdal/Under Dusken

Språkrådet er ikke nøgd med NTNU sin bruk av nynorsk, og har fått Kunnskapsdepartementet til å leggje press på NTNU for å få sett i gong arbeidet med ein tiltaksplan. Ifølgje fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet er det mange årsaker til at det er viktig med meir synleg nynorsk.

– Universitet er store tekstprodusentar, og det er difor viktig at det kjem fram at vi har to jamstilte målformer i Noreg. Nynorsk er ein terminologi som står i fare for å forsvinne om han blir gjort usynleg, seier ho.

Må auke bruken
Tvitekkja presiserer at det er den synlege nynorsken som er viktig, og dette i hovudsak handlar om studiekatalogar, heimesider og eksamensoppgåver.

– Det er ingen som skal tvingast til å skrive forskingsresultata sine på nynorsk dersom ein har bokmål som hovudmål, seier ho.

Informasjonssjef Christian Fosse ved NTNU innrømmar at universitetet er langt ifrå den lovpålagte prosentdelen på 25 prosent i dag, og at dei må auke nynorskbruken for å syne at dei tek dette på alvor.

– Alle tilsette har eit ansvar for å snu trenda, seier han.

Fekk feil eksamensoppgåve
Tidlegare NTNU-student Katrine Nybø opplevde ikkje at det var to jamstilte målformer ved universitetet.

– Eg følte meg ofte brysam når eg til dømes ba om eksamen på nynorsk, seier ho.

Ved ein heimeeksamen opplevde ho å få utdelt eksamensoppgåva ifrå året før, ettersom den frå same år ikkje hadde vorte skreve ut på nynorsk.

– Etter det har eg alltid teke imot oppgåva på begge målformene, for å vere trygg på at eg ikkje misforstår noko, seier ho.

Dårlegare formulert
Nybø opplevde òg at eksamensoppgåva på bokmål som regel var betre formulert enn den nynorske oppgåva.

– Det var jo ikkje nett motiverende, seier ho.

Tvitekkja meiner det vitnar om slurv og slappe rutinar hjå NTNU.

– Når nokon meldar seg opp til eksamen med nynorsk som hovudmål har universitetet god tid til å utforme oppgåva, seier ho.

Har sett inn tiltak
Fossen fortel at det rettast særleg fokus på å fremje nynorsk på heimesidene til NTNU. Det vil gjere han mer synleg og i tillegg syne ei vilje til endring frå NTNU si side. Han presiserar òg at sjølv om det er ein føresetnad å beherske begge målformene for å jobbe ved universitetet, er det ikkje alle som er like trygge på nynorsk.

– Vi har difor gått til anskaffelse av programmet Nyno, som skal letta omsetjinga frå bokmål for dei som ikkje brukar nynorsk til vanleg, avsluttar han.

Les saka i Under Dusken her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE