Vil gjera SV grønare og raudare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera SV meir grønt og raudt

Miljø og rettferd var det første Audun Lysbakken snakka om i sin første tale som SV-leiar.

– Oljeindustrien støvsyg no landet for arbeidskraft og investeringar som andre næringar kunne ha bruk for. Ein større del av våre felles krefter og ressursar må brukast til å utvikla teknologi, industri og næringar som me kan leva av i framtida, sa han.

Lysbakken understreka at at det ikkje treng vera vondt å bu i eit samfunn med lågare utslepp.

– I staden kjem det til å vera eit samfunn der lyntog reduserer reisetider, der ny infrastruktur bind Nord- og Sør-Noreg saman, der folk slepp å sitja i kø i dei store byane, der det er utvikla nye industriarbeidsplassar, der me bur i smarte hus som gjev meir varme til lågare pris, der me er verdsleiande i innovasjon og forskning.

Vil flytta SV mot venstre
Mange av delegantane på landsmøtet til SV ventar ei dreining mot venstre for partiet med den nye leiaren, ifølgje Klassekampen.

I talen sin gav Lysbakken høgrepolitikk skulda for den økonomiske krisa.

– Marknadane, bankane og børsane har fått for mykje makt. Det er ikkje for mykje velferd eller for mange fagforeiningar som tynger Europa. Det er ein tøyleslaus kapitalisme som er problemet, sa Lysbakken til stor applaus fra salen.