– Ingen grunn til å gje opp

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Europautredninga viste jo at det er vi som har rett. Sjølv om vi er eit mindretal på meiningsmålingane om dagen, så er det ingen grunn til å gje opp, seier nyvald leiar i Europeisk Ungdom, Ninni Høver.

Trass rekordlåge meiningsmålingar og motstand mot EØS-avtalen –  var det blå kake, ståande applaus og ingen dårleg stemning å spore, på landsmøtet til Europeisk ungdom i helga.

 Mediebilde

– Eg tek over ein veldig god og stabil organisasjon. Så eg kan fokusere på å gjere oss meir synlege og tilstades i den offentlege debatten, fortel den ferske leiaren. Som og er oppteken av å skape eit meir nyansert mediebilde, med fokus på meir av et EU driv med.

QUIZ – Kva veit du om EU?

Ninni Høver vart einstemming vald til leiar på landsmøtet. Frå før har ho vore aktiv i Studenter for EU Oslo, og sete ein periode i sentralstyret. Anders Høgalmen frå Stavanger vart vald som 1. nestleiar og Agnes Arnadottir frå Island vart vald som 2. nestleiar.

Kritiske spørsmål

– Eg får mange gode kritiske spørsmål. Men eg føler meg i stand til å svare godt, så det er faktisk ikkje så tøft, forklarar Høver, om korleis det er å møte folk som ja-menneske om dagen.  

Trass meiningsmålingane, har organisasjonen det høgste medlemstalet sidan 2006. Også dei andre ungdommane Framtida møtte på landsmøtet, føler dei møter interesse og kunnskapstørste kring EU. 

Nesten medlem

– Det hjelper ikkje å kaste egg på Brussel frå Oslo, vi må vera med der avgjerdene vert fatta, sa Høver i sin fyrste tale som leiar.

Ho viser til Europautredninga, der det kom fram at Noreg er så mykje som 75% medlem av unionen, og at EU slik sett har mykje å seie i den nasjonale politikken.

Dei resterande 25% er i stor grad landbruk og fiskeri. Sjølv om Høver trur det vil kome endringar på dette området med eit norsk medlemskap, peikar ho på at det allereie er bransje i endring og at det også i dag finst internasjonale handelsavtalar. 

LES OGSÅ – Aleinegang for EU

Dei mellom 80 og 90 EU-vennlege ungdommane på landsmøtet, var alle samde om at det einaste Noreg manglar er røysteretten og ser ingen grunn til å gje opp.

– Nei-sida tek feil, det er vi som kjem til å vinne til slutt, avslutta den nyvalde leiaren.