Aleinegang for EU

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit land der det vi høyrer om EU stort sett er negativt jobbar Agnes Arnadottir for at Noreg skal bli med i unionen. Ho opplever at haldningane nordmenn har til EU gjenspeglar vår privilegerte kvardag.

– Det verkar som om mange godtar seg over det som hender i EU og berre er glad for at vi er på utsida. Ei slik haldning er endå eit teikn på kor bra vi har det i Noreg. Eigentleg altfor bra, seier ho.

Arnadottir er avtroppande leiar i Studentar for EU Oslo. Snart skal ho halde fram med arbeidet som andre nestleiar i Europeisk Ungdom, om innstillinga til valkomitéen blir vedteke.

– Føler du ikkje at du kastar bort tida di ved å jobbe for ei sak som ingen er oppteken av i Noreg?

– Nei. Sjølv har eg aldri hatt noko problem med å vere i mindretal. Men det er sjølvsagt frustrerande at det ikkje hender nokon ting.

Nei-landet
To gonger har Noreg sagt nei til medlemskap i EU. Sidan siste folkerøysting i 1994 har den norske EU-debatten vore daud. I Soria Moria-erklæringane slåast dette ettertrykkeleg fast: «Regjeringen vil ikke søke om norsk EU-medlemskap». Arnadottir vedgår at det er vanskeleg å bli høyrd som EU-tilhengjar.

– Mange i Noreg ser på EU som eit slags monster, at det er fjernt frå folk flest og handlar åleine. Men dei avgjerdene som fattast i EU blir teke av nasjonale ministrar frå medlemsstatane og direkte folkevelde parlamentarikarar frå mange ulike parti, seier ho.

Nei til EU hevdar at eit norsk medlemskap er eit trugsmål mot «folkestyret», at politikarane ikkje får stått til ansvar ovanfor veljarane. Dette er ikkje eit unikt problem for EU, meiner Arnadottir.

– Dette er ikkje noko problem som er unikt for EU. Det er like langt ifrå Finnmark til Oslo. Dessutan er det mange ulike demokratiske kanalar i EU. Du har parlamentet og du har ministerrådet der regjeringsmedlemer møtest regelmessig.

Nesten medlem
Europautreiinga sleg fast at Noreg er 75 prosent medlem av EU. Dette blir brukt av Ja-sida som eit argument for at vi bør gjere tilhøvet offisielt. Arnadottir peikar òg på at vi bør bli medlem for å påverke politikk som gjeld oss sjølve.

– Hovudårsaka til at Noreg bør bli med i EU er at vi skal få sjansen til å påverke det vi allereie er djupt integrert i. Noreg må bli høyrd, noko vi ikkje blir no, seier ho.

Om eit medlemskap blir ein realitet er det Noreg som vil tene mest på det, hevdar Arnadottir.

– Eigeninteressa vi har av å bli medlem er stor. Slik det er no må vi følje det meste som blir bestemt i Brüssel utan at vi har nokon moglegheit til å vere med på å forme politikken. Spesielt når det gjeld spørsmål om den indre marknaden og handel er vi på sidelina i avgjerdsprosessen, men like fullt må vi tilpassa oss vedtaka.

– Kan Noreg, som eit lite land, få noko innverknad i kamp med dei store landa i EU?

– Ja, stemma til små land veg relativt sett meir i høve til dei store statane, men dei store har sjølvsagt mykje å seie. Om ein ikkje opplever å bli høyrd er det mogleg å melde seg ut.

Krisemaksimering
Det er mange som meiner at den økonomiske uroa i eurosonen er det endelege beviset på at vi har det best utan EU.

– Kven har skulda for den økonomiske krisa mange euroland no er i?

– Det er ikkje direkte EU si skuld at ein har kome i denne krisa. Det er enkeltstatar i unionen som har levd over evne lenge, òg i gode tider. Dei får svi for dette no. Men det krisa syner er kor sårbart systemet er, at problema til eit medlemsland i stor grad påverkar heile unionen, seier ho.

– Har ikkje krisa endra synet ditt på EU ?

– Prinsipielt har ikkje krisa endra synet mitt på EU i det heile. Eg har framleis like stor tru på EU og synest det er inspirerande å sjå korleis det blir jobba for å løyse problema. EU har hatt mange kriser tidlegare og kome styrka ut av det. Det trur eg òg kjem til å bli resultatet no.

Les saka i Universitas her!