Lær språk – og omset internett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det amerikanske dataprogrammet «Duolingo» skal gjera det muleg for folk flest å vera med å omsetja internett til alle dei store verdsspråka. Dei som er med gjer jobben gratis mens dei lærer seg eit nytt språk.

– Det starta med at eg spurde ein av studentane mine «Korleis kan vi få 100 millionar menneske til å setja om internett til alle dei store verdsspråka, gratis?», seier ein av skaparane av «Duolingo», Luis von Ahn, i eit foredrag på nettstaden TED.

Svaret blei å tilby brukarane høvet til å læra eit nytt språk. «Duolingo» fungerer slik at mens du lærer eit språk, er du med på å omsetja internett til nettopp det språket.

Kor vanskeleg språk du er med på å omsetja, kjem heile tida an på kva nivå du er på.

LES OGSÅ: Er du avhengig av Facebook?

Stolar meir på menneske
Om ein hadde nytta profesjonelle omsetjarar til å setja om internett, hadde det blitt veldig dyrt og tatt veldig lang tid. På denne måten gjer folk jobben gratis.

von Ahn stolar meir på menneske enn dagens dataprogram for maskinell omsetjing, slik som til dømes Google Translate eller Apertium.

LES OGSÅ: Over 36 millionar har sett det dei lagar

– Omsetjingsprogramma i dag er ikkje gode nok, og kjem ikkje til å vera det på 15–20 år. Dei gjer mange feil, og då veit ikkje folk om dei kan stole på dei når dei gjer rett, seier von Ahn om kvifor han trur «Duolingo» er den mest effektive måten å setja om internett på.

Folka bak Duolingo har rekna ut at om dei klarer å få ein millionar brukarar, så vil det ta berre 80 minutt å omsetja alle dei 3,8 millionar artiklane på engelsk Wikipedia til spansk.

Venteliste
«Duolingo» er ikkje lansert enno. Til no finst det berre ein prøveversjon og folk må stå på venteliste for å få vera med.

«Crowdsourcing», eller dugnad, om du vil, er den nye måten å få realisert store prosjekt på. Nettleksikonet «Wikipedia» er eit døme på dette. Veldig mange menneske går saman og gjer litt av jobben kvar, og det kjem til nytte for alle som bruker internett.

LES OGSÅ: Du tolkar gamle bøker for Google