Er du avhengig av Facebook?

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nye måleinstrumentet har fått namnet «Bergen Facebook Addiction Scale» og er del av eit forskingsprosjekt på det å vera avhengig av Facebook Prosjektet er leia av psykologspesialist og doktor i psykologi Cecilie Schou Andreassen i samarbeid med professor Ståle Pallesen frå Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

– Bruken av Facebook aukar veldig raskt. Det gjer at vi kan tenkje oss at det er ei spesifikk binding som går inn under det å vera avhengig av internett. Det er mange meiningar og synspunkt på dette, men det har ikkje blitt gjort noko særleg forsking på det i Noreg, seier Schou Andreassen til På høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen.

TA TESTEN HER!

Medan menn er overrepresenterte når det gjeld å vera avhengig av pengespel, trur forskarane at kvinner er meir disponerte for å bli avhengige av Facebook. Det er det sosiale aspektet ved nettsamfunnet dei meiner er avgjerande. Schou Andreassen viser til at kvinner til dømes er overrepresenterte når det gjeld å vera avhengig av tekstmeldingar og mobiltelefon. Forskarane trur også at yngre i større grad blir råka enn eldre.

– Vi tenkjer at det dukkar opp oftare hjå yngre enn hjå eldre, og at personar som uroar seg ein del og er prega av angst og utryggleik bruker Facebook der dei tykkjer at det er lettare å ha kontakt med andre, seier Schou Andreassen. (©NPK)