Flinke skal få hoppa over 10.trinn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsdirektoratet føreslår å utvide ordninga der elever på ungdomstrinnet kan ta fag frå vidaregåande opplæring.

Elevar på ungdomstrinnet skal kunne ta alle fellesfaga i vidaregåande opplæring og fleire programfag, for eksempel praktisk estetiske fag.

– Vi sender på høyring eit forslag om at ordninga skal utvidast til å gjelde alle fag, ikkje berre enkelte som i dag. I tillegg ønskjer eg å opne for at desse elevane kan ta avsluttande ungdomsskuleeksamen medan dei går på niande trinn, slik at dei får høve til raskare progresjon og unngår dobbeltarbeid, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Dårleg tilbod for flinke i vest

I dag gjeld ordninga berre faga matematikk, engelsk, framandspråk, naturfag og samfunnsfag. Utdanningsdirektoratet foreslår at ungdomsskoleelevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå, skal kunne avleggje eksamen tidligare enn 10. årstrinn.

– Vi legg òg til rette for at fag frå vidaregåande kan bli tatt som valfag, når vi innfører nye valfag i ungdomsskulen til hausten. Og vi vil lage eit tilbod om nettundervising i matematikk, slik at elevar kan få tilbod om dette òg der avstandane til nærmaste vidaregåande skule er stor, seier Halvorsen.