Dårleg tilbod til flinke i vest
I Oslo tek 445 ungdomsskuleelevar fag på vidaregåande. I Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er det ingen som er med på dette tilbodet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dårleg tilbod til flinke i vest
I Kunnskapsløftet som kom i 2006, vart det opna for at flinke elevar kunne ta språk og realfag på vidaregåande. Men ifølgje Aftenposten er det få som får tilbodet, og det er svært skeivt fordelt. 70 prosent av dei 954 ungdomsskuleelevane som tek fag i vidaregåande bur i Oslo eller Akershus. I tillegg til dei to vestlandsfylka er også Buskerud utan tilbod. I Hordaland er 35 elevar med på ordninga, og i Rogaland 11.
Utdanningspolitikar Elisabeth Aspaker frå Høgre meiner den skeive fordelinga er skandaløs. Ho krev at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) lagar ei oppskrift slik at kommunane kan få tilbodet på plass. Der det er store avstandar mellom ungdomsskular og vidaregåande skular, vil ho bruke ny teknologi i undervisninga. Ho meiner dessutan at dei vidaregåande skulane må ta utgiftene og få dei refundert frå staten.