Betre velferd krev endra utdanning
Helse- og sosialfagutdanningane treng ei kraftig fornying, seier utdanningsminister Tora Aasland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helse- og sosialfag på vidaregåande skal bli meir praktisk retta. I staden for to år på skulebenken og to år med praksis, skal det prøvast ut ein modell der teori og praksis går om kvarandre gjennom heile utdanninga – ein vekslingsmodell.
Regjeringa vil sette i verk eit forsøk med helse- og sosialfagleg fagskuleutdanning basert på annan vidaregåande opplæring enn fagbrev eller yrkeskompetanse innanfor helse- og sosialfag.
– Meir velferd krev nye helse- og sosialfaglege utdanningar som er betre tilpassa behovet til samfunnet. Studentar vil i framtida møte meir relevante utdanningar som gjev dei eit betre grunnlag for utøvinga av yrket sitt gjennom felles læring og praksis saman med andre utdanningar, seier statsråden for forsking og høgare utdanning.
Eldrebølgja
Auke i talet på eldre i åra framover vil by på store utfordringar for helse- og omsorgstenestene. Samstundes står stadig fleire i yrkesaktiv alder utanfor arbeidslivet. Pågangen til barnevern, familievern og krisesenter aukar òg. Regjeringa har difor sett i verk ei rekkje reformer for å skape betre tenester, mellom anna innanfor NAV, samhandling og innan barnevernet.
– Brukarar vil òg i framtida oppleve helse- og sosialarbeidarar som er fagleg sterke. Men dei vil møte menneske som ser heilskapen i behova for både brukaren og velferdssamfunnet. Dei skal vere trygge på at dei får rett handsaming og at rettane deira blir teke vare på, seier statsråd Tora Aasland.
– Ein nøkkel til auka kvalitet i helse- og velferdstenestene er betre samspel mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, mellom nivåa i utdanningssystemet og mellom ulike profesjonar. Tenestene må dessutan bli tydelegare premissleverandørar inn mot utdanningane, avsluttar Aasland.
Faktaboks
Regjeringa la fram Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd: Samspill i praksis tysdag 21. februar.
• Regjeringa vil innføre ein heilt ny modell for helse- og sosialfagarbeiderutdanninga i vidaregåande opplæring. I staden for to år på skulebenken og to år med praksis, skal det prøvast ut ein modell der teori og praksis går om kvarandre gjennom heile utdanninga – ein vekslingsmodell.
• Det innførast ei prøveordning med ”y-vegen” (yrkesvegen) der kandidatar med yrkesutdanning i helse- og sosialfag kan takast opp på tilrettelagde studie i høgare utdanning.
• Regjeringa vil sette i verk eit forsøk med helse- og sosialfagleg fagskule¬utdanning basert på annan vidaregåande opplæring enn fagbrev eller yrkeskompetanse innanfor helse- og sosialfag.
• Den sosialfaglege kompetansen i dei tre hovudutdanningane vi har i dag, barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar, skal styrkast for å møte behova i helse- og velferdstenestene.
• Samspelet mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, mellom nivåa i utdanningssystemet og mellom ulike profesjonar er ein nøkkel til auka kvalitet i tenestene. Det skal settast klare krav til kva dei nyutdanna må kunne. Dette vil vere styrande når myndigheiter og utdanningsinstitusjonar fastset læringsmål for utdanningane. Det skal vurderast å erstatte rammeplanane vi har i dag med ei forskrift som er felles for alle utdanningane.
• Dei helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningane skal vere basert på breie grunnutdanningar og spesialisering på vidareutdannings- og mastergradsnivå. På sikt bør alle kortare vidareutdanningar kunne settast inn i ei mastergrad, om dei held godt nok fagleg nivå.
• Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Noregs forskingsråd vil få i oppdrag å setje i verk ei samla evaluering av dei sosialfaglege grunnutdanningane og forskinga i dei aktuelle fagmiljøa.
• Det vil settast i gang eit arbeid for å styrka kvaliteten i praksisdelen, mellom anna gjennom innføring av krav til praksisstadar og rettleiarar og utvikling av indikatorar for kvalitet. Omfanget av praksis i kvar enkelt utdanning skal gjennomgåast.
• Ein del av yrkeskvalifiseringa må vere i arbeidslivet etter endt utdanning. Meldinga drøftar overgangen frå utdanning til yrke spesielt, og varslar at regjeringa vil vurdere ordningar for rettleiing av nyutdanna for å styrke kompetansen deira.
• Det er behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget innanfor helse- og sosialfaga for å heve kvaliteten i både utdanningane og utøvinga av yrket. Det krev praksisnær forsking i nære samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og yrkesfeltet. Regjeringa vil styrke forskinga på området, både gjennom prioritering innanfor eksisterande tiltak og gjennom eit nytt forskingsprogram i Noregs forskingsråd.