Berre 20 snakkar dette språket
Dette språket er nærmast undergangen i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag 21. februar markerer Unesco morsmålsdagen. Dagen blir markert for å fremja språkleg og kulturelt mangfald og fleirspråklegheit.
Det minste og mest utryddingstruga språket i Noreg er pitesamisk.
Ikkje meir enn 20 personar i Norrbotten og grensestroka mellom Noreg og Sverige i Nordland snakkar framleis pitesamisk, går det fram av Unescos språkatlas.
– Pitesamisk ein del av eit kontinuum av dialektar der skiljelinjene for det meste går (sør)aust-(nord)vest oppover gjennom Noreg og Sverige og i ei vifteform vidare nord og aust på Nordkalotten. Mot sør grensar pitesamisk mot umesamisk og mot nord mot lulesamisk, skriv Øystein A. Vangsnes i denne bloggposten på Forskning.no. Han meiner det er kring 30 personar som snakkar pitesamisk.
Der står det elles å lese at alle dei samiske språka er å rekne som utryddingstrua. Skoltesamisk, sørsamisk og lulesamisk har mellom 300 og 2.000 brukarar, mens rundt 30.000 menneske snakkar nordsamisk på Nordkalotten.
Av dei rundt 6.700 språka i verda er norsk blant dei 100 største.