Oppgjer med heimflyttinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Mellom 500 og 600 interesserte var innom 51 stands for private og offentlege arbeidsgjevarar i dei fire timane messa varte i Grieghallen onsdag ettermiddag og kveld, skriv arrangøren Framtidsfylket i ei pressemelding.

– Ikkje for alltid
Under messa hadde sogning og NRK-kjendis Finn Tokvam eit talkshow på scena der han snakka med gjester om korleis det er å etablera seg i fylket. Mellom dei var gründer Njål Hansen Wilberg frå musikkstreamingtenesta Beat.no på Mjømna i Gulen.

LES OGSÅ: Vil lokka unge heim

– Ein omtalar gjerne det å flytta heim som noko endeleg i livet, ein ”flyttar heim – punktum”, og der blir ein til ein dør. Me ser ikkje slik på det. I staden har me valt å sjå på det å flytta heim til der me kjem frå som ein av mange fasar i livet. Det er ikkje sikkert at me blir her for alltid. Når ein tenkjer slik vert også heimflytting ei litt mindre alvorleg avgjerd – det er ikkje ”heim og punktum finale”, meinte han.

Jobbar og sondering
Mange av bedriftene hadde konkrete jobbar å tilby, medan andre nytta høvet til å marknadsføra seg som attraktive arbeidsplassar eller kommunar å busetja seg i på lengre sikt.

Det var heller ikkje alle dei besøkande som var klare til å gå ut i arbeidslivet endå, men brukte messa til å sondere kva som finst av av arbeidsplassar når dei ein gong er ferdige med utdanninga si.

Dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket er godt nøgd med den første av årets messer. I år valde dei å ikkje ha messe i Oslo, men køyrer same opplegg i Trondheim 1. mars.

Les saka i Sogn Avis!