Vil lokke dei unge heim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vrimlar i Grieghallen. Bugnande skåler med sjokolade, seigmenn og frukt står på annakvart bord langsmed utstillingsstandane.

– Vi vil ha den fine ungdomen vår heim. Men dei må gjerne bu borte i rundt ti år, slik at dei kjem heim først når dei har funne roen, seier Terje Søreide, leiar for Høyanger Næringsutvikling.

Satsar på framtida
Sogn og Fjordane har eit eige selskap som jobbar nettopp med å få unge til å velje Sogn og Fjordane framfor andre stader. Selskapet blir eigt av kommunar og verksemder i fylket. Portalen til Framtidsfylket skal vere eit verkty for både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Det er også dei som arrangerar dei årlege karrieremessene. Dei siste åra har det vore messer i Bergen, Trondheim og Oslo. Oslo er kutta ut i år fordi det var vanskeleg å få verksemder til å stille stand i hovudstaden.

Flest i Bergen
Messa i Bergen er den som er mest populær. I går var over 500 studentar og unge arbeidstakarar påmelde. 50 verksemder, kommunar og etatar var til stades med stand. Messa har vorte arrangert dei siste seks åra og interessa har vore stabil.

LES OGSÅ: Slik skal fleire unge lokkast

– Målet er at dei som bur her skal få auga opp for kva som skjer i Sogn og Fjordane. Vi vil også syne oss fram for dei som ikkje er frå fylket, seier assisterande dagleg leiar, Alice Blålid i Framtidsfylket.

Ser at det nyttar
Handelshøgskulestudentane Andreas Sande (25) frå Sogndal og Lene Hammersvik (23) frå Raudeberg har lete seg stoppa av Pål Sandal (34) frå Fjord1. Sandal veit at det nyttar å vere frampå for å få folk til fylket og verksemda.

– Sjølv vart eg tilsett då Fjord1 hadde ein rekrutteringskampanje. Før visste eg ikkje at det var noko jobbmoglegheiter for meg der, seier Sandal, no HR-utviklingssjef i Fjord1. Han har leiarbakgrunn frå Forsvaret og jobba og budde 13 år utanfor heimfylket før han kom tilbake. No jaktar han på sivilingeniørar og siviløkonomar.

Hammersvik er allereie sikra seg sommarjobb i Sparebanken Vest i Måløy.

– Det er ein fin måte å få kontaktar på. Viss eg skal flytte heim i framtida, er det avgjerande med ein interessant jobb og at det er ungdom på min alder som bur der, seier ho.

Stiller krav
Leon Øvreås (3 månader) heng på magen til mor si og halvsøv. Han tittar berre så vidt opp når ordførar Petter Sortland i Høyanger snakkar varmt om kommunen med foreldra hans.

Både Lisbeth Øvreås (25) og Stig Øvreås (26) er begge frå Høyanger.

– For å flytte heim må det vere interessante jobbar og attraktive bustadområde, seier Lisbeth. Stig understrekar at valet om å flytte heim ikkje er tatt.

LES OGSÅ: Flyttar til Sogndal

– Vi vil ta det valet litt seinare, seier han.

Høyanger er ein av 26 kommunar i Sogn og Fjordane, og dei er alle på jakt etter ny arbeidskraft. Særleg vil dei ha dei som kjem frå fylket.

– Dei som kjem frå herfrå er meir stabile om dei fyrst kjem tilbake. Men vi vil ikkje ha dei som er umotiverte til å kome tilbake. Dei kan berre bli i byen, seier Terje Søreide.

LES OGSÅ: Utkant-Noreg bør læra av Finnøy