– Elevar finn ueigna lærarar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arne F. Opsahl, rektor på Sandvika vgs, seier til Framtida at skulen har praktisert prøveundervising som supplement til vurdering av formell kompetanse, erfaring, intervju og referansar på kandidatar til lærarjobb ved skulen.

– Ei slik vurdering måler det kommunikative og evna til å leie ei klasse. Den faglege og pedagogiske kompetansen får ein vanskeleg måla på kort tid, og dette vil det heller ikkje vere naturleg at elevene kan seie noko om.

Reint praktisk blir elevane spurde om å fylle ut eit elektronisk spørjeskjema, og faglæraren for klassen vil òg få seie si meining, fortel sandvikarektoren vidare.

– Vår erfaring er at elevane sett pris på å bli involvert og er veldig seriøse. Vi har hatt ett tilfelle der meldingane elevane kom med gav oss ein klar indikator på at kandidaten var lite eigna. Det er ei stund sidan vi har praktisert metoden, men vi vil no ta han i bruk att. Eg understrekar at elevane ikkje har det avgjerande ordet, men at vi ser på deira vurdering som eit verdifullt innspel.

No handlar det berre om å finne gode ordningar
Andreas Borud, leiar av Elevorganisasjonen, fortel Framtida at han er utelukkande positiv til at elevar deltek i tilsetjinga av lærarar, ettersom desse kan bidra med mange perspektiv som det ikkje er lett for leiinga på skulen å sjå, og at elevane blir meir positive til nye lærarar dei sjølve har vore med på tilsetje.

Les også: Skal elevar tilsetje læraren sin?

– Det finst mange gode erfaringar frå skular som har prøvd ut dette allereie. Elevar har rett til å vere med i prosessar som gjeld dei sjølv. Det gjeld jo i høgste grad kva slags lærarar som tilsetjast. No handlar det berre om å finne gode ordningar som fungerar både for lærarar og elevar.

Utdanningsforbundet åtvarar
Utdanningsforbundet åtvarar mot at elevar er med på å tilsetja lærarar.

Dei understrekar at dei er positive til at elevane blir involvert, men er urolege for ein praksis der elevane får for mykje å seie.

Elevar skal ikkje føle at dei avgjer saker dei ikkje har ansvar for. Elevar kan ikkje gjerast ansvarlege for eventuell feil tilsetjing. Det er òg formelle reglar som skal følgjast i ein tilsetjingsprosess, for eksempel er det ikkje uvanleg med teieplikt, noko ein skule ikkje kan forlange av elevar.

LES OGSÅ: Vil tilsetja lærarar med audition

Eit godt alternativ kan vere at elevane før utlysingar får uttale seg om kva kompetanse dei meiner ein ny lærar bør ha, avsluttar Utdanningsforbundet.

Faktaboks

Barnekonvensjonen art.12:
Å SEIE SI MEINING OG BLI HØYRD                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                               Barnet har rett til å seie meininga si om alt som gjeld det og meiningane åt barnet skal tilleggast vekt.