1150 nye medlemer i Mållaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1150 nye i Mållaget

– Det er heilt utruleg, seier Tuva Østvedt i Noregs Mållag, til nm.no.

Organisasjonskonsulenten har travle dagar. Her med ei lita bunke brev til nye medlemer.

– Heilt sidan saka vart offentleg kjend, så har det vore eit tilsig som eg knapt trudde var mogleg. Då dei fyrste rapportane kom inn frå tenesta som registrerer innmeldingar på sms, så jubla me for tolv nye medlemer på ein dag. Sidan har den eine grensa etter den andre blitt sprengt. Særleg har Oddny Miljeteig sin personlege verve- kampanje gjort mykje. Når me no nærar oss tusen nye medlemer på fjorten dagar, då er det ikkje anna enn utruleg.

 LES OGSÅ: Nynorsk på frammarsj i Afrika

Folk har meldt seg inn via sms, eller ringt inn kontoret. Mange har blitt inspirert av sosiale media. Dei nye medlemene er både gamle medlemer og folk som har sete på gjerdet.

– Og så er det nokre som ein i utgangspunktet ikkje skulle tru var det typiske medlemer, bokmålskrivande austlendingar. Sams for alle er at dei er provoserte av det dei har høyrt frå direktoratet og departementet. Eg veit ikkje om det berre handlar om norskfaget. Eg sit meir med eit inntrykk av at det handlar om å stå opp for nynorsken spesielt og språk generelt, seier ho til nm.no.