Må jobba oss ut av krisa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik kan Noreg redda Europa

– Det er ei djup misforståing at Noreg er heilt upåverka av det som skjer i Europa. Me er avhengig av å eksportera til Europa, og det som skjer der er avgjerande for oss, seier 1. sekretær i LO, Trine Lise Sundnes.

Ho deltok i dag på frukostmøtet til FN-Sambandet om Europas tapte generasjon – alle dei 5,5 millionar av unge europearar mellom 16 og 24 år som no står utan jobb.

– Eg trur ikkje me tek inn over oss kva for ein sosial tragedie som føregår i Europa, seier Sundnes.

I Spania står halvparten av alle unge utan jobb. I Irland er talet 29 prosent, i Polen 27 prosent.

– Tenk om det hadde vore oss? Tenk kva slags sosial katastrofe det ville vore? spør Sundnes.

– Løysinga for unge er ikkje at dei blir tilsett i mellombelse stillingar, legg ho til.

– For lite fart
Seniorøkonom ved NHO, Dag Aarnes, tilbakeviser at Noreg ikkje har eit arbeidsløyseproblem blant unge.

– Me er kanskje berre betre til å skjula arbeidsløysa, seier han.

Han viser til at 20.000 unge svarar at dei er utan arbeid, og at 28.000 er på arbeids- og avklaringspengar.

– Dessutan er det no unormalt mange i høgare utdanning, legg Aarnes til.

NHO-økonomen meiner det er for lite fart i økonomien.

– I Noreg var det i fjor ein prisvekst på 1,2 prosent i fjor. Det er ikkje akkurat noko overoppheiting.

Dag Aarnes meiner det han kallar sparelanda i nord, Noreg, Sverige, Tyskland og Nederland bør investera meir, og slik få opp aktiviteten i Europa.

LES OGSÅ: Framtidshåp frå Hellas i krise

– Må løna seg å jobba
Aarnes meiner den høge veksten i bustadprisane og transportkostnader også gjev problem for arbeidsmarknaden.

– Større arbeidsmarknader med raskare kollektivtransport kan bidra til at bustadprisane ikkje veks så mykje, og at arbeidsmarknaden fungerer betre, seier han.

Skattereglane gjer òg sitt til at det er meir lønsamt å investera i utleigeleilegheiter enn i nye arbeidsplassar. Dessutan er inntektsskatten for dei lågtløna for høg, ifølgje Aarnes.

– Me må òg stilla oss spørsmålet om kor vondt og vanskeleg skal det vera å seia opp folk. Og kor vondt og vanskeleg det skal vera å tilsetja folk. Spania har openbart ein del problem som hindrar at fleire kjem i arbeid, seier Aarnes.

Skattepengar til tiltak
– Det er altfor mange i Noreg på passive støtteytingar. Me må sjå om det ikkje er betre at fleire av desse skattepengane bør gå til å få folk i arbeidstiltak, sa Torbjørn Røed Isaksen (H) på møtet.

– At så mange menneske går utan ein jobb er sløsing med menneskelege ressursar, sa Anette Trettebergstuen (Ap) og åtvara samstundes mot at fleire land har brukt krisa til drastiske tiltak som går ut over tryggleiken til dei tilsette.

LES OGSÅ: Stor mangel på arbeidskraft i vest

– Det er ikkje eit poeng at det er for trygt for arbeidstakarane i Noreg. Men terskelen før mange blir tilsett er ofte for høg, repliserte Isaksen, og meiner det bør bli enklare å tilsetja folk i mellombelse stillingar.

– Kvifor skal det vera lov med mellombelse stillingar i arbeidsmarknadstiltak? spurte han, og åtvara mot spanske tilstandar der strengare reglar gjer at færre blir tilsett i faste stillingar.

Uroa av langtidsledige
– Dei aller fleste unge som er arbeidsledige i Noreg, er det i kortare periodar. Dei me er uroa for er dei langtidsledige, seier statssekretær i Arbeidsdepartementet, Gina Lund.

Ho nemner OECD som meiner Noreg ikkje har eit arbeidsløyseproblem, men eit deltakingsproblem der det er fleire grupper som i mindre grad er deltakarar i arbeidslivet på grunn av nedsett funksjonsevne.

I Noreg deltak 73 prosent av alle i arbeidslivet, men tala for personar med nedsett funksjonsevne er 42-43 prosent.

– Me veit at arbeid er viktigast for integrering, samstundes som ein veit at integreringsutfordringar er ein årsak til ein del av arbeidsløysa ein ser, held ho fram.

Ho peikar på god barnehagepolitikk som eit viktig tiltak for å få fleire i arbeid.

– Kven skal passa på oss når me blir gamle, viss me ikkje evnar å ta med oss dei som tenkjer nytt inn i arbeidsmarknaden? avslutta ho innlegget sitt.

Kva meiner du skal til for å få fleire i arbeid?

Faktaboks

Ungdomsgarantiar i Noreg:

– Alle opp til 20 år utan skuleplass eller jobb har rett til tiltaksplass.
– Alle mellom 20 og 24 år som er ledige meir enn tre månader har rett til tettare oppfølging.
– Etter seks månader har denne gruppa garanti for tiltak.

Les meir hjå regjeringa.no!