Kosthaldsfengselet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ei finstilt vekt og eit grått 10 000-kronersarmband festa med borrelås rundt overarmen har vorte faste følgjesvener i kvardagen for Sigrid Homelid og Kaia Fagerheim.

– Poenget er at me skal forstå korleis det kjennest å få analysert kosthaldet, forklarer Sigrid.

Dei to komande ernæringsfysiologane skal i framtida førebyggja at folk vert sjuke som følgje av kosthaldet sitt. Men først må dei smaka sin eigen medisin.

Formelen verkar enkel. For å unngå overvekt og livsstilssjukdomar må ein få i seg dei riktige næringsstoffa i riktige mengder. Men kva er riktig? Kor mykje skal ein ha? Og kor fysisk aktiv må ein eigentleg vera?

Når Universitas møter Sigrid og Kaia på Kjeller, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin studiestad utanfor Lillestrøm, har Kaia akkurat avslutta ei veke der ho har vege og registrert alt ho har sett til livs, ned til den minste tyggis. Einaste unntaket er vatn.

Sigrid har på si side gått med armband som registrerer aktivitetsnivået hennar, og veit presis kor mange steg ho har gått og kor mange kaloriar ho har svidd av.

Kosthalds- og aktivitetsrekneskapen har gjort dei pinleg medvitne på kva og kor mykje dei et. Og kva dei burde styre unna.

– Eg fekk frityrgryte til jul etter å ha ynskt meg det. Heilt klart noko ein ernæringsfysiolog med respekt for seg sjølv ikkje burde eiga, men eg synest det er så godt, unnskylder Kaia.

Frityrkokaren har stort sett fått stå i fred.

– Før ante eg ikkje kor stor ein porsjon brød eller mjølk eigentleg er, no veit eg det godt, held ho fram.

– Eg tenkjer oftare at eg kan gå i staden for å ta bussen, seier Sigrid.

Ho er overraska over kor mange steg ho faktisk tek i løpet av ein dag. Sigrid jobbar på bakeri, og går mykje på jobb. Resultata viser faktisk at ho forbrenn meir ein dag ho jobbar, men ikkje trenar, enn ein dag ho trenar og ikkje jobbar.

– Ein skal ikkje undervurdera stega, meiner ho.

I testperioden gjekk Sigrid i gjennomsnitt 11 634 steg dagleg, og forbrann 2781 kaloriar. Det er relativt mykje for ei jente i tjueåra.

Kaia vart på si side overraska over at ho ikkje fekk i seg fleire kaloriar enn ho gjorde. Snittet hennar var på 2044 kaloriar for dagen.

Det låge talet har ei god forklaring.

– Det enda med at eg åt mindre, fordi eg ikkje gadd å registrera det. Eg droppa til dømes å ta litt chips sjølv om eg eigentleg hadde lyst på det, fortel ho.


På datarommet på Kjeller opnar jentene programmet «Mat på data».

– Det er litt ekkelt å skulla lista opp alt ein har ete i løpet av ein dag, medgir dei.

Så i staden for å gå laus på seg sjølve går dei rett inn i rollene som ernæringsrådgjevarar, og granskar Universitas sin utsende.

– Ta til dømes frukosten din, kva åt du i dag tidleg? utfordrar dei.

– Havregraut.

LES OGSÅ: Print ut eplekaka til mor di

– Ok. Kor mykje havregryn brukte du? Hadde du mjølk på?

– Eg brukte skumma mjølk, kanskje to desiliter. Også syltetøy, sånt med lite sukker.

– Då seier me seksti gram havregryn. Kor mykje syltetøy hadde du på? Ei matskei?

– Eh… Det var vel kanskje to.

Sigrid og Kaia plottar alt inn i programmet. Det summerer seg til 354 kaloriar. Ein god del karbohydratar og noko protein. Havregryn er bra, der er det masse jern. Der finst likevel eit men. – Du må ikkje drikka te eller kaffi til, det hemmar jernopptaket i kroppen. Jus er betre, rår Sigrid.

Å måtta føra rekneskap for kvar minste kalori kan leggja ein dempar på matgleda. Kaia dristar seg ikkje til å gå ut og eta midt i eit knallhardt kosthaldsregime. Då anar ein ikkje kva ein får i seg.

– Ei i klassen åt faktisk på McDonalds, og etterpå måtte ho ringja dei og spørja kor mykje brødet vog, ler ho. Kosthaldsregimet går òg på festhumøret laus. Kaia gjorde likevel eit forsøk.

– Det var ein skikkeleg festbrems. Eg sat liksom der i eit hjørne med mi eigen chipsskål med 52 gram chips eg hadde voge opp på førehand. Og så måtte eg drikka bunnslurken i ølet, elles vart det feil i registreringa, seier ho.


Festinga viste seg dessutan, kanskje ikkje uventa, å vera ei kaloribombe. «Mat på data» fortel oss at Kaia denne kvelden konsumerte 1 299 kaloriar, over halve dagsbehovet til ei jente i tjueåra. Og då gjekk ho heim etter vorspielet. – Tenk om du hadde gått ut på byen etterpå, og teke ein kebab på heimvegen, seier Sigrid og siktar til vanleg praksis på seine laurdagskveldar.


Det er tid for lunsj, og me benkar oss rundt eit bord i kantina. Sigrid lever på ein rawfood-inspirert diett. Ho unngår kjøt, sukker og gluten. Etter boka skal ingen mat varmast opp til over 40 grader, men så streng på det er ho ikkje. På menyen står grønsakssuppe, kikerter og rawfood-bollar av nøtter og tørka frukt – alt vege heime på førehand.
Dei aspirerande ernæringsfysiologane får mange spørsmål om kosthald frå vener og kjende. I det siste har det vore mykje mas om lågkarbo.

– Ja, korleis er eigentleg det der?

– Lågkarbodiettar er ulike. Somme held seg til å fjerna raske karbohydratar, andre aukar feittinntaket. Problemet er at ein skal ha mykje kunnskap for å driva med ekstreme diettar, seier Sigrid.

– Mange har ikkje sett seg godt nok inn i det, og vert feite att når dei sluttar på lågkarbo. Dessutan er det ein egoistisk diett. Fleire dyreliv trengst, og desse har det ofte dårleg, meiner Kaia.

LES OGSÅ: Tallerken for betre kosthald

Det vert sagt at om heile verda skulle levd på ein diett med lite karbohydratar og mykje feitt, måtte me hatt seks jordklotar for å meitta alle, fordi energitapet for kvart leidd i næringskjeda ein går gjennom er stort.

Om alle derimot hadde gått over til rawfood, hadde me kunna meitta mange gonger fleire enn me gjer i dag.

Nokre dagar etter at prosjektet er avslutta, vitjar Universitas Sigrid heime i leilegheita hennar på St. Hanshaugen. No er det slutt på all målinga og veginga.

– Ein vert fort lei av det. Endeleg kan eg ta meg eit eple igjen utan å måtta tenkja meir på det. Det er deilig, seier ho.

Sambuaren er truleg også fornøgd. Han har ingenting imot rawfood-maten ho serverer, men veginga vart i overkant.

– Eg sat ein del åleine på slutten. Me skulle eta taco, og eg måtte jo vega alle ingrediensane. Då han hadde vore ferdig i eit kvarter allereie, ville han gå frå bordet. Det tek så lang tid! 

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Faktaboks

Så mykje «kostar» festen:
0,5 l. øl: 200 kaloriar
1 flaske raudvin, 12% alkohol: 525 kaloriar
1 flaske halvtørr kvitvin, 10% alkohol: 503 kaloriar
Brennevin, 2 cl. 40% alkohol: 49 kaloriar
50 g. potetchips: 266 kaloriar

Kjelder: promille.no og matvareguiden.no

Så mykje treng du kvar dag:
• Jenter i tjueåra treng 2000–2500 kaloriar.
• Gutar på same alder treng 3000 kaloriar eller litt meir.
• Nøyaktige tal avheng av høgde, vekt, alder og aktivitetsnivå.