Sylfest Lomheim meiner at ein felles karakter for norsk hovudmål og sidemål er av det gode.

NPK
NPK

Den tidlegare språkdirektøren har også før argumentert for ei samanslåing av sidemåls- og hovudmålskarakteren i tråd med framlegget til ny læreplan som Utdanningsdirektoratet no arbeider med. Framlegget har denne veka vekt sterke reaksjonar blant målfolk.

– Eg meier at bokmål og nynorsk er norsk, og i ungdomsskolen er det ingen grunn til å ha noko anna enn éin karakter i norsk, same kor viktig faget er. Det må innebere skriftleg øving og vurdering som basis for norskkarakteren både i hovudmål og sidemål, seier Lomheim til vekeavisa Dag og Tid.

Sidemålet like viktig
Han strekar under at karakteren sjølvsagt ikkje kan vere ein karakter i hovudmål åleine, slik somme kanskje trur.

– Ingenting tyder på at Kristin Halvorsen meiner det heller. Det skal setjast karakter både i hovudmål og sidemål, men på vitnemålet skal det stå berre éin karakter, seier Lomheim – utan å seie noko om kva vektforholdet mellom sidemål og hovudmål bør vere.

Nynorskforkjemparen meiner målfolk har meir å hente på å krevje høgare kvalitet i norskundervisninga enn å insistere på sidemålskarakter. For norskfaget er ikkje godt nok, meiner Lomheim.

– Det er altfor vidt, og det er for mykje evaluering og karaktersetjing. Lærarane yter ikkje god nok undervisning i norsk og i rettskriving.

Fordomsfulle norsklærarar
Lomheim synest heller ikkje lærarutdanninga i norsk er god nok. Fordomsfulle norsklærarar er ein del av problemet.

– Når norsklærarar gir uttrykk for at dei ikkje skjønner poenget med å undervise i sidemål, er det så opprørande at det er vanskeleg å finne ord, seier Sylfest Lomheim.

LES ALT OM SIDEMÅL OG NYNORSK HER!

Slik han ser det, må all sidemålsundervisning starte frå første time med ein diskusjon om fordommar, elles kan resultatet aldri bli bra.

– Utan å plukke ned ein del fordommar er nynorskundervisning umogleg, seier Sylfest Lomheim, som er professor i nordiske språk ved Universitetet i Agder. (©NPK)

Korleis meiner du norskfaget bør bli betre?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE