– I starten fekk eg litt sjokk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den linja ved Sauda vidaregåande skule som har flest søkjarar i forhold til studieplassar er ambulansefag. Her går elevar frå Sauda i nord til Egersund i sør.

Elevane verkar til å ha det som plomma i egget.

Denne dagen er det setjing av veneflon som står på timeplanen. Ikkje eit av dei vanlegaste emna på vidaregåande skule, men i denne klassen er det lite som er vanleg, etter vidaregåande standard. Det er ikkje fritt for at det kjem ein dråpe blod og to på avveg, og av og til må smerta uttrykkjast verbalt. Likevel stiller elevane opp for kvarandre når nokon treng ei hand, både til å halda i og stikka i.

Harde bud
– I starten fekk eg litt sjokk, fortel Trond Vik frå Sandnes.

– Første året på helsefag kunne me nesten prata så mykje me ville i timane, og var på pc-en heile tida. Nå må me følgja med frå timen startar. Det blir venta at me er førebudde til timane, elles går det ut over karakterane.

– Me blir mellom anna vurdert ut frå munnleg aktivitet i timane. Difor er det best å vera på hogget, og liggja eit hestehovud framfor lærarane. Alle prøver å unngå fråvær. Er du først borte, blir det tungt å ta pensumet att. Dessutan er det knallhard konkurranse. Me er tolv elevar frå sørfylket som kjem til å konkurrera om sju lærlingeplassar i Helse Stavanger, så kampen for å få best karakterar er hard.

Frå nordfylket, som ligg under Helse Fonna, konkurrerar dei fire andre om sju eller åtte lærlingeplassar. 

LES SAKA I SULDALSPOSTEN!